Procyon (α CMi, α Canis Minoris, Alfa Canis Minoris) er den mest lyssterke stjerna i stjernebiletet Den vesle hunden. For det nakne auga verkar ho å vere ei enkel stjerne og er den åttande mest lyssterke på nattehimmelen med ein synleg tilsynelatande storleik på 0,34. Ho er i røynda ei dobbeltstjerne, som består av ei kvit hovudserie-stjerne med spektralklasse F5 IV–V, kalla Procyon A, og ein lyssvak kvit dverg med spektralklasse DQZ, kalla Procyon B. Årsaka til at ho er lyssterk er ikkje den eigentlege luminositeten, men kjem av at ho ligg nær sola. Hipparcos-satellitten målte at avstanden mellom jorda og Procyon berre er 11,46 lysår, og ho er derfor ei av stjernene som ligg nærmast jorda.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Procyon» frå , den 6. juli 2016.

Kategori:Den vesle hunden Kategori:Dobbeltstjerner Canis Minoris, Alfa Canis Minoris, 10 061421 2943 037279 0280 BD-05 01739 Kategori:Kvite dvergar Kategori:Hovudseriestjerner klasse F Kategori:Subkjemper klasse F Kategori:Stjerner med eigennamn Kategori:Objekt mindre enn 100 lysår frå jorda Kategori:Himmellekamar kjende sidan antikken