Sumtangen er eit område på stranda av Finnsbergvatnet søraust for Hardangerjøkulen på Hardangervidda, om lag 1190 meter over havet. Her har store reinsdyrflokkar sumt over vatnet årleg i uminnelege tider, slik det syner seg av spor etter jegerar og leivningar etter reinslakting på denne staden, frå steinalderen og framover mot vår tid. På Sumtangen ligg det dungar av gamle bein av reinsdyr, mellom 7 300 år gamle tufter etter bustader, tufter etter bustader frå yngre steinalder, frå bronsealderen og frå jarnalderen, og ruinar av steinbuer frå mellomalderen.

Det har til tider gått føre seg masseslakting av reinsdyr ved at reinsdyrflokken har vorte styrt mot vatnet, jaga utpå og drepe av jegerar i båtar. Kan hende har jegerane slege dyra i hel i vatnet, eller drege dei levande på land etter gevira for å avlive dei der, for det er ikkje funne pil- eller spydspissar på botn av vatnet i granskingar som marinarkeologar (undervassarkeologar) har gjort.

Litteratur snl:no: Sumtangen Svein Indrelid. 2014. Oppdagelser på Hardangervidda. Kvinnherad: Forlaget Nord 4. Sumtangen er nemnt fleire stader, sjå særleg sidene 184-192 ISBN 978-82-7326-108-3

Kategori:Arkeologiske stader i Noreg Kategori:Hardangervidda