Roger Joseph Boscovich () var ein dalmatisk matematikar og astronom.

Boscovich vart 15 år gammal oppteken i Jesuittordenen og var frå 1740 professor ved Collegium Romanum. Han leverte mange astronomiske arbeid om kikkertkonstruksjon, tyngdekrafta og forma på jorda, men det meste kjende matematiske arbeidet hans omhandlar sfærisk trigonometri og polynomialsatsen. Saman med den britiske jesuitten Maire føretok Boscovich ei gradmåling ved Roma. I 1771 kom Theoria philosophiae naturalis ut, der han diskuterer ein atomteori. I 1764 vart Boscovich professor i Pavia, men då Jesuittordenen vart oppheva i Italia overtok han ei stilling i den franske marineadministrasjon, særskild oppretta for han. Dei siste åra var han i Italia med utgjevinga av dei samla verka sine.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kategori:Astronomar på 1700-talet Kategori:Matematikarar på 1700-talet Kategori:Filosofar på 1700-talet Kategori:Kroatiske jesuittar Kategori:Kroatiske astronomar Kategori:Kroatiske matematikarar Kategori:Kroatiske fysikarar Kategori:Italienske jesuittar Kategori:Italienske fysikarar Kategori:Medlemmar av Royal Society Kategori:Jesuitt-forskarar Kategori:Folk frå Republikken Ragusa Kategori:Tilsette ved Universitetet i Pavia