Paul Labile Pogba () er ein fransk fotballspelar frå Lagny-sur-Marne i Seine-et-Marne-departementet som spelar for AS Monaco. Han har også spela for Manchester United og Juventus.
Frå 2012 til 2016 spelte han sentralt på midtbana til italienske Juventus. Han har delteke i 37 landskampar for Frankrike i tida 2013-16 og skåra seks mål.
Pogba fekk kontrakt med den engelske klubben Manchester United då han var 16 år gammal, og spelte nokre få kampar for laget i 2011/12-sesongen. Sommaren 2012 valde han å gå til Torino-klubben Juventus og vart seriemeister dei fire fyrste åra han spelte i klubben. I 2015 og 2016 var han attpåtil nasjonal cupvinnar. Han var også med då Juventus tapte finalekampen i Meisterligaen 2015 mot FC Barcelona.
Pogba var fast i fyrstellevaren då Frankrike deltok i fotball-VM 2014 i Brasil, og sameleis då Frankrike var vertsland til EM i fotball 2016.
Kjelder
eu-football
Denne artikkelen bygger på «Paul Pogba» frå , den 10. juli 2016.
Kategori:Franske fotballspelarar Kategori:Juventus-spelarar Kategori:Manchester United-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2014 Kategori:Spelarar i Fotball-EM 2016 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 2018