Punktuert kulegullkvefs (Omalus puncticollis) er ein gullkvefs som snyltar på ulike artar av småe vedlevande gravekvefsar, truleg av slekta Passaloecus.

Tidlegare vart arten rekna som liketydande med Omalus aeneus, men resultat frå DNA-strekkoding tyder på at dette er ein eigen art.

I Noreg er arten relativt vanleg på Austlandet i buskar og kratt i varme skråningar med mykje daud ved.

Kjelder

Kategori:Gullkvefsar