Sara Slott Petersen () er ein dansk friidrettsutøvar frå Nykøbing Falster som deltek på sprintdistansane og i hekkeløp. Ho vart i 2016 europameister på 400 meter hekk, det fyrste EM-gullet teke av ein kvinneleg dansk friidrettsutøvar. Same sommaren vann ho sølvmedaljen i øvinga med personbeste 53,55 sekund.
Aktiv Petersen sette i juli 2011 dansk rekord på 400 m hekk med 55,97 sekund, ein rekord ho forbetra till 55,68 i polske Szczecin, like før Sommar-OL 2012 i London. I sjølve sommarleikane rauk ho ut i semfinalane, slik ho hadde gjort fleire gongar før i store meisterskap.
Sesongen 2015 gjorde Petersen veldige framsteg over langhekken, noko som toppa seg med tida 53,99 sekundar under DL-stemnet i Paris den 4. juli. Sju veker seinare vart ho nummer fire i øvinga ved friidretts-VM i Beijing, 0,18 sekundar bak bronsevinnaren. Under europameisterskapen 2016 i Amsterdam vann Petersen ein rimeleg klar siger i finalen etter eit løp som varte i 55,12 sekund. Den 18. august kryssa målstreken i OL-finalen i Rio de Janeiro på livsbeste 53,55 sekund, eit løp som gav henne sølvmedaljen, einast Dalilah Muhammad frå USA sprang fortare.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Utslått i semifinalane – nr 20 (56,99) EM 2010 i Barcelona: Utslått i forsøka – nr 22 (57,28) VM 2011 i Daegu: Utslått i semifinalane – nr 18 (56,49) EM 2012 i Helsinki: Utslått i semifinalane – nr 9 (56,07) OL 2012 i London: Utslått i semifinalane – nr 19 (56,21) EM 2014 i Zürich: Diskvalifisert i forsøksløpet VM 2015 i Beijing: Nr 4 – 54,20 sekundar EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 55,12, framom Joanna Linkiewicz (55,33) OL 2016 i Rio de Janeiro: Sølvmedalje i 400 m hekk – 53,55, bakom Dalilah Muhammad (53,13) VM 2017 i London: Utslått i semifinalane – (55,45=nr 9) EM 2018 i Berlin: Utslått i semifinalane – (56,21=nr 18) VM 2019 i Doha: Diskvalifisert i kvalifiseringa OL i 2021 i Tokyo: Utslått i semifinalane – nr 19 (55,52=nr 16)
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sara Slott Petersen» frå , den 13. juli 2016.
World Athletics
Kategori:Danske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Danmark Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Danmark Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Danske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Folk frå Guldborgsund