Petrus Apianus () var ein tysk astronom, geograf og kartograf. Han dreiv òg eit trykkeri.

Liv og virke Bakgrunn Det opphavlege namnet hans var Peter Bennewitz eller Bienewitz (Biene-witz i tydinga Bienen-dorf; latinsk apis vert på tysk «Biene», på norsk tyder det «bia»). Faren hans var skomakar. Familien var relativt velståande, og var blant middelklasseborgerskapet i Leisnig. Apianus vart utdanna ved latinskolen i Rochlitz.

Studiar thumb|Del av eit kart av Petrus Apianus som viser Den nye verda(1520). Frå Narrative and critical history of America, Volume 2 av Justin Winsor. Apian studerte først ved Leipzigs universitet (1515-1519 - det va då han latiniserte etternamnet sitt) og heldt så fram studia i Wien (til 1523), for å vera disippel under Georg Tannstetter, som på den tida prega Wiens universitet som humanistisk danna matematikar, astronom og astrolog.Wattenberg: Apianus, s. 7 Apian uttrykte sin respekt for han ved seinare å dedisera ei av bøkane sine til Tannstetter.

Professor og forskar

Apianus vart i 1527 professor i matematikk ved universitetet i Ingolstadt, sjølv om han berre hadde den akademiske graden baccalaureus. I Ingolstadt bygde han eit eige trykkeri (kalla Academia) der han blant anna trykte det viktige Tabula Hungarie (Ungarnkart) i 1528.

Han var ein framståande observatør av himmellekamane og rørslene deira og gjorde fastslo breiddegrader og lengdegrader ved hjelp av måneavstandar, endå temmeleg usikre på grunn av månetabellane sine upålitelighet. Han utvikllet vitskaplege instrument som tente til å kunna føreseia planetbanane ved hjelp av mekaniske modellar. Til dels var dette papirskiver som vart hefta inn i bøkane hans, og som lét seg dreia mot kvarandre. Korleis desse såkalte volvellene skulle betenast forklarte Apian nøyaktig i tekstene sine.Ralf Kern: Wissenschaftliche Instrumente in ihrer Zeit. Band 1: Vom Astrolab zum mathematischen Besteck. Köln, 2010 . S. 330f.

I 1527 offentleggjorde han som første vestlege forfattar, og lengje før Blaise Pascal, ein variant av Pascal-trekanten, noko som tidlegare var vorte gjort og omtalt i arabiske og kinesiske verkar.

Han gjorde òg observasjonar av kometar som enno er brukbare, mellom dei Halleys komet i 1531. Komethalar forklarte han som skuggen til kometen, og hadde altså klårt for seg at dei var retta bort frå sola. (Uavhengig av Apianus kom òg Girolamo Fracastoro fram til det same.) Apianus utgav Dei cosmographie et geographie pricipiis sen cosmographicus liber i 1524 og Astronomicum Cæsareum i 1540 .

Apian stilte seg så til teneste for Karl V av Det ytsk-romerske riket som hoffmatematikar. Keisaren utnemnde under Riksdagen i Regensburg den 20. juli 1541, og brørne hans Georg, Gregor og Niclas, til riddarar («rittermäßigen Edelleuten»). Kort etter vart han utnemnd til Hofpfalzgraf.

Peter Apian var far til matematikaren og kartografen Philipp Apian.

Utval av verk mini|Illustrasjon til kometane og halane deira. Eigne skrifter Cosmographicus Liber. Landshut 1524 Ein newe und wolgegründete underweisung aller Kauffmanns Rechnung …Im Gemälde "The Ambassadors" (1533) von Hans Holbein d. J. wiedergegeben (National Gallery, London) Ingolstadt 1527 (ISBN 3-928671-11-1) Instrument Buch Ingolstadt 1533 Astronomicum Caesareum Ingolstadt 1540

Som utgjevar Novae Theoricae planetarum. Ingolstadt 1528 Vitellionis Mathematici doctissimi Peri optikēs, id est de natura, ratione & proiectione radiorum visus, luminum, colorum atque formarum, quam vulgo perspectivam vocant. Nürnberg 1535 (hrsg. gemeinsam mit Tannstetter – dieser besorgte die Vorlage, Apian den Druck).

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Petrus Apianus» frå , den 14. juli 2016. oppgav desse kjeldene: Karl Röttel (utg.): Peter Apian. Astronomie, Kosmographie und Mathematik am Beginn der Neuzeit. Mit Ausstellungskatalog. 2. Aufl., Eichstätt 1997 (ISBN 3-928671-12-X) (Inhalt) Dietrich Wattenberg: Peter Apianus und sein Astronomicum Caesareum. Leipzig 1967.

Svensk uppslagsbok. Lund 1929

Bakgrunnsstoff

Petrus Apianus. Astronomicum Caesareum frå bibliotetet i ETH Zürich. Astronomicum Caesareum i Rare Book Room. Astronomicum Caesareum, Ingolstadt 1540 da www.atlascoelestis.com Electronic facsimile-editions of the rare book collection at the Vienna Institute of Astronomy Online Galleries, History of Science Collections, University of Oklahoma Libraries High resolution images of works by and/or portraits of Petrus Apianus in .jpg and .tiff format. Horoscopion Apiani Generale…, Ingolstadt 1533 da www.atlascoelestis.com Cosmographiae Introductio, 1537 from the Collections at the Library of Congress Cosmographia, 1544 (1st edition was 1524)

Kategori:Tyske astronomar Kategori:Tyske matematikarar Kategori:Tyske renessansehumanistar Kategori:Tyske kartografar Kategori:Folk frå Leisnig Kategori:Matematikarar på 1500-talet Kategori:Astronomar på 1500-talet Kategori:Vitskaplege instrumentmakarar