Norsk språktest blei starta på slutten av 1980-talet og var eit samarbeid mellom Studieforbundet Folkeuniversitetet og Universitetet i Bergen. Fram til 2014 utvikla Norsk språktest tre testar i norsk for vaksne innvandrarar: Norskprøve 2, Norskprøve 3 og Test i norsk - høgare nivå (òg kalla «Bergenstesten»). Norskprøve 2 og Norskprøve 3 blei i 2014 digitalisert og slått saman til norskprøvenSjå norskprøven og overteke av fagorganet Vox, seinare Kompetanse Norge og no Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.Sjå hkdir.no

Norsk språktest blei drive vidare i regi av Folkeuniversitetet, og dei laga Test i norsk – høgare nivå fram til denne vart lagt ned i 2022. Folkeuniversitetet gjekk konkurs i 2024.

Fotnotar

Kategori:Utdanning i Noreg Språktest Kategori:Testing og testmetodikk