Stéphane Caristan () er ein fransk tidlegare friidrettsutøvar frå Créteil som internasjonalt tevla i hekkeløp. Han vart europameister på 110 meter hekk i 1986, og vann gullmedaljen på 60 meter hekk i innandørs-VM 1985.

Aktiv Caristan deltok i dei olympiske sommarleikane 1984 i Los Angeles, der han med tida 13,71 vart sjettemann på 110 meter hekk. Ved innandørs-VM 1985 i Paris-Bercy vann han 60 meter hekk på 7,67 sekundar, to hundredels sekundar framom spanjolen Javier Moracho.

I 1986 sprang Caristan dei to beste korthekkløpa i karrieren. Under europameisterskapen i Stuttgart van han semifinalen på ny europarekord, 13,28 sekundar. Og i finalen forbetra han seg til 13,20 og vann med ein margin på 0,22 sekund til finske Arto Bryggare. Eit halvår seinare tok Caristan sølvmedaljen ved innandørs-VM 1987 på tida 7,62 sekundar, vinnaren Tony Campbell frå USA sprang på 7,51. Kort tid etter måtte han få operert høgre kne, og klarde ikkje sidan å nå sitt tidlegare nivå på korthekken.

Noko overraskande kom Caristan tilbake på friidrettsbana i 1991 som langhekkløpar. Året etter tok han seg heilt til finalen i øvinga under Sommar-OL i Barcelona, der han vart nummer sju på personleg rekord, 48,86 sekundar.

Caristan var fransk meister på 110 m hekk samanhengande frå 1983 til 1986. Han vann nasjonalt gull på langhekken i 1992, før han i 1994 vart fransk meister på 400 m hekk for andre gong og deretter la opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1983 i Helsinki: Utslått i forsøka (nr 20 – 14,10) OL 1984 i Los Angeles: Nr 6 på 110 m hekk – 13,71 EM 1986 i Stuttgart: Gullmedalje på 110 m hekk – 13,20, framom Arto Bryggare (13,42) VM 1987 i Roma: Utslått i semifinalane på 110 m hekk (nr 9 – 13,62) OL 1988 i Seoul: Utslått i semifinalane på 110 m hekk (nr 9 – 13,69) EM 1990 i Split: Braut forsøksløpet på 110 m hekk OL 1992 i Barcelona: Nr 7 på 400 m hekk – 48,86

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stéphane Caristan» frå , den 17. juli 2016.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Franske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Frankrike Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1984 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1984 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1988 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1988 Kategori:Franske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992