«Calling All Girls» er ein song av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut på albumet Hot Space i 1982. Han var skriven av Roger Taylor og var den fjerde singelen frå albumet. Singelen kom ut sommaren 1982 i USA, Canada og Polen, og nådde høvesvis 60., 5. og 6. plassen på salslistene der.

«Calling All Girls» var den første songen til Roger Taylor som vart gjeven ut på singel, men berre i somme land og ikkje i Storbritannia. Taylor skreiv songen på gitar, og spelte feedback-støy i mellomspelet.

Songen vart aldri framført i Europa, men eit konsertoptak frå 1982 i Japan finst på DVDen Queen on Fire - Live at the Bowl.

Musikkvideo Videoen er ein parodi av George Lucas-filmen THX 1138, og vart sjeldan sett før Greatest Video Hits 2 kom ut. Både Taylor og Brian May har uttrykt sterk misnøye mot videoen, og Taylor hevda at meldinga i songen ikkje hadde noko med robotane i videoen å gjere.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - elektrisk gitar Roger Taylor - trommer, perkusjon, gitar, klaverinstrument, korvokal John Deacon - bassgitar

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Calling All Girls» frå , den 19. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:Elektra Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:New Wave-songar