«Thank God It's Christmas» er ein julesong av det britiske rockebandet Queen. Han vart skriven av sologitaristen Brian May og trommeslagaren Roger Taylor.
Songen vart gjeven ut på singel 26. november 1984, og han låg seks veker på den britiske singellista over jul og nyår 1984, og nådde 21. plassen på lista.
Songen vart ikkje gjeven ut på eit studioalbum av Queen, og kom berre ut på Greatest Hits III, som kom i 1999, og som B-side til singelen «A Winter's Tale» frå albumet Made in Heaven i 1995. Songen vart òg gjeve ut på ein bonus-EP som følgde luksusutgåvene av albumet The Works i 2011.
Det vart ikkje laga musikkvideo til songen, og han blir derfor sjeldan spelt på fjernsyn og er derfor ein mindre kjend julesong. Songen finst på fleire samleplater med julemusikk. Ei av dei er Now That's What I Call Christmas som kom i 1985, men som vart sletta i 1989.
Den fulle 12"-versjonen finst på julesamlinga The Edge Of Christmas med ein ekstra trommeintro. Han finst òg på den amerikanske samleboksen The Queen Collection.
Innhald
7" vinyl EMI / QUEEN 5
12" vinyl EMI / 12QUEEN 5
Lister
Liste (1984)PlasseringUK Singles Chart21Irish Singles Chart8Liste (1985)PlasseringDen austerrikske singellista21Den tyske singellista57 Liste (2015)PlasseringDen danske singellistahttp://www.hitlisten.nu/default.asp?list=t4036
Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - elektrisk gitar, synthesiser, korvokal Roger Taylor - trommer, trommemaskin, sleigh bells, synthesiser, korvokal John Deacon - bassgitar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Thank God It's Christmas» frå , den 22. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Tekst på den offisielle nettsida til Queen (from Greatest Hits III)
Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1984 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Julesongar Kategori:Rockeballadar Kategori:Songar skrivne av Roger Meddows-Taylor Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Capitol Records-singlar