Ivar Johannesson Bleiklie () var ein norsk lærar, gartnar, tenestemann og politikar frå dåverande Hamre herad i Hordaland. Han var stortingsrepresentant for Hordaland og Frisinna Venstre 1925-27 og for Høgre 1934-45.
Bleiklie tok i 1895 eksamen ved hagebruksavdelinga på landbrukshøgskulen på Ås i Akershus. Frå 1896 til 1912 var han gartnar og lærar ved Hordalands landbruksskule på Stend i Fana. Åra 1912-18 var han amtsgartnar i Søndre Bergenhus. Sidan 1918 var han sekretær i Hordalands Landbruksselskap til han pensjonerte seg i 1943.
I åra etter 1900 dreiv Bleiklie mykje opplysningsarbeid gjennom artiklar i landbruks- og hagebrukspressa. Han gav i 1908 ut læreboka Plantelære, eit verk som kom i 10. opplag. I 1911 kom sogeboka Søndre Bergenhus Amts Landshusholdningsselskabs virksomhet i 100 år, forfatta av Bleiklie.
Bleiklie var medlem av heradsstyret i Fana 1911-16 og varaordførar 1923-25. Han var elles formann i Fana skulestyre 1906-09, medlem i likningsrådet i Fana 1919-31.
Bleiklie representerte partiet Frisinna Venstre på Stortinget 1925-27, og var medlem i Skog- og vassdragskomiteen. Ved dei neste stortingsvala nådde han ikkje opp, og Frisinna Venstre somna vekk. Bleiklie fekk i 1933 plass på Høgre si valliste til stortingsvalet, og representerte partiet på Tinget til 1945. Han var medlem 1934-36 i Helsekomiteen og 1937-45 i Landbrukskomiteen. I 1933 vart han utnemnd til formann for Den departementale komiteen om ville bær.
Kjelder Stortingsbiografi
Kategori:Stortingsrepresentantar for Hordaland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar frå Frisinnede Venstre Kategori:Stortingsrepresentantar 1925-1927 Kategori:Stortingsrepresentantar 1934-1936 Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Lokalpolitikarar i Fana Kategori:Høgrepolitikarar i Hordaland Kategori:Folk frå Osterøy Kategori:Folk frå Bergen