«Who Wants to Live Forever» er ein song av det britiske rockebandet Queen. Han er den sjette songen på albumet A Kind of Magic, gjeve ut i juni 1986, og vart skriven av Brian May for filmen Highlander.Who Wants To Live Forever UltimateQueen.co.uk Songen nådde 24. plassen på den britiske singellista.Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums. London: Guinness rekordbok Limited

Songen vart nytta i scener i filmen der rollefiguren Connor MacLeod må takle at kona hans Heather MacLeod vert gamal og døyr, medan han, som uøydeleg mann, alltid vil vere ung. Songen vart sidan òg nytta i Highlander: The Series. Tittelen på songen er henta frå ei linje frå ein annan film som Queen skreiv musikk til, Flash Gordon og er basert på May sine eigne personlege problemhttp://www.youtube.com/watch?v=-SUdpW8ahlo (faren til May døde og det første ekteskapet hans tok slutt).

I filmversjonen syng Freddie Mercury all solovokal, medan May syng solovokal på det første verset på albumversjonen, før Mercury tar over for resten av songen, utanom linja «But touch my tears with your lips», som vert sungen av May. Ein instrumental versjon av songen, kalla «Forever», vart inkludert som eit bonusspor på CD-versjonen av albumet. Instrumentalen vert berre framført på piano, med klaverakkompagnement under refrenget. Pianoet vart spelt av May. Queen vart akkompagnert av eit orkester, orkestrert og dirigert av Michael Kamen. Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar.

Songen vart spelt i siste episode av Eastbound & Down.

Medverkande Freddie Mercury - solo- og korvokal Brian May - solo- og korvokal, synthesizer, elektrisk gitar, trommeprogrammering, orkesterarrangement Roger Taylor - korvokal Michael Kamen - orkesterarrangement, dirigent National Philharmonic Orchestra - strykarar og perkusjon

Musikkvideo Videoen var regissert av David Mallet og filma i eit (no øydelagd) lager i Tobacco Wharf i East End i London i september 1986.Queen Promo Videos: Who Wants To Live Forever Ultimate Queen. Henta 24. juli 2016 National Philharmonic Orchestra og førti korgutar spelte i videoen, mellom mange hundre stearinlys. Det er den einaste Queen-videoen der bassisten John Deacon spelar ein kontrabass. I eit intervju for Greatest Video Hits II var Roger Taylor full under filminga.

Ein alternativ versjon med klipp frå filmen Highlander finst på ein videosingel med «A Kind of Magic» frå oktober 1986 og seinare som ein løynd musikkvideo på DVDen Queen Greatest Video Hits II i november 2003.

Andre versjonar I 1988 spelte Elaine Paige inn eit album med Queen-songar, The Queen Album, og inkluderte denne songen.Elaine Paige: The Queen Album Allmusic. Henta 24. juli 2016 Seal framførte songen under The Freddie Mercury Tribute Concert i 1992, og sa at han fekk tårer i augo første gongen han høyrte songen.The Freddie Mercury Tribute Concert: Who Wants To Live Forever Ultimate Queen. Henta 24. juli 2016 I 1995 spelte Jennifer Rush inn ein versjon med Brian May på hennar Out of My Hands. May song solovokal på eit vers og sidan korvokal og gitar.Jennifer Rush: Out of My Hands Allmusic. Henta 24. juli 2016 Luciano Pavarotti fekk Giorgia til å syngje på konserten Pavarotti & Friends der ho song denne songen. Konsertalbumet kom ut i 1995. Shirley Bassey spelte songen i 1995 på albumet Sings the Movies, og framførte songen på «A Royal Gala» i Royal Albert Hall i 1996. Dune spelte ein orkestrert versjon av songen i 1997 på albumet Forever. Han vart først gjeven ut som singel frå albumet. Songen vert nytta i Queen-musikalen We Will Rock You. Det symfoniske metalbandet After Forever spelte ein versjon av songen og gav han ut på singelen «Emphasis» i 2002. Dei spelte seinare inn songen på nytt (med Damian Wilson og Arjen Anthony Lucassen) for samlealbumet Mea Culpa frå 2006. Sarah Brightman song songen i 1997 på albumet Time to Say Goodbye.Sarah Brightman: Time to Say Goodbye Allmusic. Henta 24. juli 2016 Den polske songaren Edyta Górniak spelte ein versjon av songen kalla «Nieśmiertelni» i 2003, for Moja i Twoja muzyka. I 2005 vart songen spelt av Breaking Benjamin på albumet Killer Queen: A Tribute to Queen. Denne finst òg på samlealbumet deira Shallow Bay.Killer Queen: A Tribute to Queen Allmusic. Henta 24. juli 2016 Ten Tenors spelte ein versjon av songen på albumet Here's to the Heroes, i 2006. I 2007 song Gregorian på albumet Masters of Chant Chapter VI. Jonathan Ansell spelte songen på albumet Forever, i 2008 Rhydian Roberts spelte songen på albumet Rhydian, frå 2008. Katherine Jenkins spelte songen på albumet Believe i 2009. David Garrett spelte songen på albumet David Garrett, frå 2009. I 2013 spelte Il Divo songen på albumet A Musical Affair, sungen på italiensk og engelsk. For den franske versjonen av albumet spelte dei inn songen med Anggun. Cezar Ouatu spelte songen på albumet The voice of love frå 2013. The Tenors med fiolinisten Lindsey Sterling spelte songen på albumet «Under One Sky» i 2015. The

Dune-versjonen

Det tyske bandet Dune spelte inn ein versjon av «Who Wants to Live Forever» frå albumet Forever og gav han ut som singel i oktober 1996.

Dune-versjonen selde meir enn 500 000 eksemplar i Tyskland og nådde tredjeplassen på den austerrikske singellista, niandeplassen på den sveitsiske lista, 12. plassen på den nederlandske lista og 59. plassen på den svenske lista.

Innhald Who Wants to Live Forever (Sixtysix Radio Mix) (3:54) Who Wants to Live Forever (South Bound Mix) (3:58) Highland Trilogy: One Day in Glencoe (4:49) Highland Trilogy: Valley of Tears (4:58) Highland Trilogy: In the Air, Part 2 (10:29)

Remixar Gjeve ut: 4. desember 1996

Who Wants to Live Forever (Komakino Remix) (5:32) Who Wants to Live Forever (Future Breeze Remix) (7:03) In the Air, Part 1 (5:13)

Musikkvideo Musikkvideoen vart filma i Dei skotske høglanda.

Sarah Brightman-versjonen

Sopranen Sarah Brightman gav ut ein versjon av «Who Wants to Live Forever» på albumet Timeless/Time to Say Goodbye, og som singel i 1997. Singelen nådde 45. plassen på den britiske singellista.

Innhald

CD-singel «Who Wants to Live Forever» (Albumversjon) «Who Wants to Live Forever» (Xenomania club mix)

Maxi CD-singel «Who Wants to Live Forever» «A Question of Honour» «Heaven Is Here» «I Loved You»

12" vinyl «Who Wants to Live Forever (Trouser Enthusiasts 'Cybernetic Odalisque' Mix)» «Who Wants to Live Forever (Xenomania Club Mix)» «Who Wants to Live Forever (Xenomania Dub Mix)» «Who Wants to Live Forever (X-Citing Mix)»

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Who Wants to Live Forever» frå , den 24. juli 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Offisielle Youtube-videoar: original musikkvideo, på Freddie Mercury Tribute Concert med Seal Tekst på den offisielle nettsida til Queen

Kategori:Queen-songar Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Songar frå filmar Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Songar produserte av Reinhold Mack Kategori:EMI Records-singlar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet Kategori:Sarah Brightman-songar Kategori:Shirley Bassey-songar Kategori:Elaine Page-songar