«Too Much Love Will Kill You» er ein song skriven av den britiske gitaristen Brian May frå Queen, Frank Musker og Elizabeth Lamers.Billboard 21 Jun 1997 Billboard. Henta 31. juli 2016 Songen var inspirert av faren til May som var dødssjuk av kreft. Det var den første innspelinga av Queen kring 1988 eller før som var meint for albumet The Miracle i 1989, men kom ikkje med på albumet på grunn av juridiske problem med at bandet valde at alle songane på albumet skulle tilskrivast heile bandet, og ikkje dei individuelle låtskrivarane. Etter Freddie Mercury døydde i 1991, arrangerte May ein soloversjon, som han framførte på the Freddie Mercury Tribute Concert i 1992,The Freddie Mercury Tribute Concert: Too Much Love Will Kill You Ultimate Queen. Henta 2. juli 2011 og sidan på soloalbumet Back to the Light same året. Songen vart gjeven ut på singel og nådde femteplassen på UK Singles Chart i Storbritannia. Fordi han vart først framført på The Freddie Mercury Tribute Concert, var det mange som trudde at han vart skriven som ei hyllest til Freddie Mercury.
Songen kom òg ut på samlealbumet Now That's What I Call Music! 33.
Salstrofé
Queen-versjonen I 1995 valde dei attverande Queen-medlemmane å ta med originalinnspelinga av «Too Much Love Will Kill You», med Mercury på vokal, for albumet Made in Heaven. Albumet kom ut fire år etter at Mercury døydde.Made in Heaven (Track 8) Ultimate Queen. Henta 2. juli 2011 Queen-versjonen er ein powerballade typisk for seint i 1980-åra, med mykje klaverinstrument og elektrisk gitar. Han nådde 15. plassen på den britiske singellista i 1996, og vart ikkje den same salsuksessen som soloversjonen til May hadde vore. Queen-versjonen har sidan blitt rekna som den definitive versjonen då han vann prisen «Best Song Musically and Lyrically» under Novello Awards i 1997.). Songen vart då òg gjeven ut på Queen-albumet Greatest Hits III.Brian May interview. BBC Radio 2. Broadcast 12. september 2005.
Musikkvideo
Videoen til Brian May-versjonen av songen var regissert av David Mallet og består av May som syng føre kamera med klipp frå forskjellige heimevideoar. Videoen til Queen-versjonen vart regissert av DoRo og består av mange forskjellige klipp frå konsertar og andre musikkvideoar av bandet.
Medverkande Originalversjonen Brian May – solo- og korvokal, elektrisk piano, klaverinstrument, akustisk og elektrisk gitar
Queen-versjonen Freddie Mercury – solovokal Brian May – elektrisk gitar, piano, korvokal Roger Taylor – trommer John Deacon – bassgitar David Richards – klaverinstrument, synth-programmering
Andre versjonar I 2003 framførte Queen og Luciano Pavarotti ei utgåve av «Too Much Love Will Kill You», ved den veldedige konserten til tenoren i Modena i Italia.Pavarotti and Friends 2003; Press and News Henta 230. juli 2016
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Too Much Love Will Kill You» frå , den 31. juli 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Offisielle YouTube-videoar frå Queen-versjonen: musikkvideo basert på kortfilmen «Heart-Ache», ved Freddy Mercury Tribute Concert Tekst på den offisielle nettsida til Queen
Kategori:Queen-songar Kategori:Songar skrivne av Brian May Kategori:Brian May-songar Kategori:Songar skrivne av Frank Musker Kategori:Rockeballadar Kategori:Softrocksongar Kategori:Hollywood Records-singlar Kategori:Musikkvideoar regisserte av David Mallet