At the Beeb er eit studioalbum av det engelske rockebandet Queen, gjeve ut i 1989. I 1995 vart det gjeve ut i USA med tittelen Queen at the BBC.
Albumet bestod av songar spelte inn ved to forskjellige høve for BBC Radio 1-programmet Sound of the 70s. Dei første fire spora vart spelte inn 5. februar 1973 og resten den 3. desember 1973.
Alle utanom eitt spor kom frå albumet Queen. Unntaket er «Ogre Battle», som var frå Queen II. Versjonane på At the Beeb skil seg frå originalversjonane, og er nærmare slik dei spelte songane på konsertane sine. Den mest merkbare skilnaden er på «Ogre Battle», som startar rett på riffet (utan ein lang intro), og ikkje har nokon av effektane som er på albumversjonen.
Innhald
Kjelder Denne artikkelen bygger på «At the Beeb (Queen album)» frå , den 1. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Queen-album At the Beeb av Queen Kategori:Musikkalbum frå 1989 Kategori:Samlealbum frå 1989 Kategori:Hollywood Records-album