Greatest Hits II er eit samlealbum av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut i 1991.Queen; Greatest Hits, Vol. 2. Allmusic. Henta 31. juli 2016. Det gjekk til topps på UK Album Chart i Storbritannia og er det tiande mest selde albumet i britisk historie, med 3,9 millionar selde eksemplar fram til 2014. I verda har det seld i alt 19 millionar eksemplar. Det samla talet for både Greatest Hits II og Classic Queen for den amerikanske marknaden, er i overtal av 23 millionar eksemplar.BPI – UK Best Selling Albums of All Time (14. juni 2009) , Henta 13. juni 2011Queen Greatest Hits I and II Review BBC. Henta 31. juli 2016 Det er òg det mestseljande albumet av ein utanlandsk artist i Finland.

Samlealbumet inneheld dei fleste europeiske hittane til Queen frå 1981 til 1991. Det vart gjeve ut mindre enn ein månad før frontmannen Freddie Mercury døydde og var det siste Queen-utgjevinga medan han levde. Det vart seinare gjeve ut i USA i to boksar: Greatest Hits I & II og The Platina Collection: Greatest Hits I, II & III. Den 19. april 2011 kom ei nymastra utgåve av albumet på Hollywood Records i USA og Japan.

Ei videosamling, kalla Greatest Flix II, kom ut samstundes, men er ikkje lenger i sal i dag. Dei fleste videoane er i dag tilgjengeleg på DVDen Greatest Video Hits 2 med unntak av videoane frå Innuendo-albumet frå 1991.

Singlane «Body Language», «Back Chat», «Las Palabras de Amor», «Thank God It's Christmas», «Princes of the Universe» og «Scandal» var ikkje med på denne utgjevinga.http://www.queenonline.com/en/the-band/discography/greatest-hits-ii/

Innhald

Lister Liste (1991)PlasseringAustralia4Nederland1New Zealand1Sveits1UK Albums Chart1 Liste (1992)PlasseringAusterrike1Frankrike Find «QUEEN» under the drop-down menu to see statistics.1Tyskland2Ungarn1Noreg4Sverige2 Liste (2008)PlasseringSpania45

Salstrofé

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Greatest Hits II (Queen album)» frå , den 2. august 2016.

Bakgrunnsstoff Den offisielle nettsida til Queen: Diskografi: Greatest Hits II

Kategori:Queen-album Kategori:Samlealbum frå 1991 Kategori:Parlophone-album Kategori:Hollywood Records-album Kategori:Nummer-ein-album i Nederland Kategori:Nummer-ein-album i Sveits Kategori:Nummer-ein-album i New Zealand Kategori:Nummer-ein-album i Storbritannia Kategori:Nummer-ein-album i Austerrike Kategori:Nummer-ein-album i Ungarn