Deep Cuts, Volume 3 (1984–1995) er eit samlealbum av Queen med somme av dei mindre kjende songane deira frå 1984 til 1995. Albumet kom ut 5. september 2011 som ein del av 40-årsjubileet til Queen. Deep Cuts Volume 3 kom ut samstundes med nyutgjevinga av dei fem siste studioalbuma deira (The Works, A Kind of Magic, The Miracle, Innuendo og Made in Heaven), der desse songane er henta frå. På denne utgjevinga har «Khashoggi's Ship» ein trommeintro (for å skilje han frå songen «Party», som ikkje er med på denne utgjevinga) og «It's a Beautiful Day (Reprise)» startar med 15 sekundar langsam oppbygging og endar med «Yeah» (som er eit eige spor på Made in Heaven).

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Deep Cuts, Volume 3 (1984–1995)» frå , den 2. august 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Samlealbum frå 2011 Kategori:Queen-album Kategori:Island Records-album