Craig Frost () er ein USA-amerikansk klaverspelar, mest kjend som medlem i Bob Seger & The Silver Bullet Band og tidlegare i Grand Funk Railroad. Han spelar orgel, synthesizer og piano.

Frost kom med i Grand Funk medan dei var ein power trio, og vart eit firemannsband. Grand Funk fekk dei største hittane sine etter at Frost kom med i bandet i 1972. Han skreiv òg songar for Grand Funk saman med trommeslagaren Don Brewer.

Etter Grand Funk Railroad vart oppløyst i 1977, gjekk Frost saman med dei tidlegare Grand Funk-kollegaene Don Brewer og bassisten Mel Schacher og danna det kortvarige bandet Flint. Etter at Flint vart oppløyst kom Frost med i Bob Seger & The Silver Bullet Band, der han var i over to tiår. I 2000-åra har Frost fleire gonger spelt live med Grand Funk igjen.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Craig Frost» frå , den 3. august 2016.

Kategori:USA-amerikanske rockeklaverspelarar Kategori:Bob Seger & the Silver Bullet Band-medlemmar Kategori:Grand Funk Railroad-medlemmar Kategori:Folk frå Flint i Michigan