Ibolya Csák () var ein ungarsk høgdehoppar, fødd og død i Budapest. Ho vart olympisk meister i øvinga i 1936 og europameister i 1938.

Csák vann høgdetevlinga for kvinner under Sommar-OL 1936 i Berlin. Ho var ei av tre kvinner som hoppa over 1,60 meter i finalen. For å kåre ein vinnar etter alle tre hadde rive tre gongar på 1,62 meter, fekk dei eit fjerde forsøk på høgda og då var Csák den einaste som klarde å ta seg over lista. Dermed vart ho den fyrste ungarske som tok OL-gull.

To år etter enda ho opphavleg på andreplass i friidretts-EM i Wien med sluttresultatet 1,64 meter. Men då det etter meisterskapen var over, vart avklart at tyske Dora Ratjen, som gjekk over 1,70 meter, hadde mannlege kjønnsorgan, vart Csák tilkjend meistertitelen.

OL-medaljar 1936 20px| Berlin - 16px|Gull Gull i friidrett, høgdehopp kvinner 20px| Ungarn

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ibolya Csák» frå , den 5. august 2016.

World Athletics

Kategori:Ungarske høgdehopparar Kategori:Olympiske meistrar for Ungarn Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1936 Kategori:Ungarske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936