thumb|Lesja stasjon ved opninga 29. november 1924 Lesja stasjon er ein jernbanestasjon på Raumabana. Stasjonen ligg i sentrum av tettstaden Lesja, 15 kilometer nordvest for Dombås, og vart opna då Raumabana si strekning til Bjorli sto ferdig i 1921.

I 2011 var det om lag passasjerar som tok toget til eller frå Lesja.

Trafikale høve Alle tog på Raumabana stansar om det er reisande til eller frå Lesja. Stasjonen har eit kryssingsspor på 313 meter utan plattform, og det er difor ikkje mogleg å krysse to passasjertog på staden.

Betening Lesja var ein stor stasjon som hadde stasjonsmeistrar inntil tittelen vart endra til avdelingsleiar i 1981. Sigurd S. Løken, f. 1885, bestyrar frå 15.1.1921 Jørgen M. Larsen, f. 1885, frå 22.11.1924 Jørgen Skjefstad, f. 1883, frå 4.3.1928 Fridtjof P. Svane, f. 1894, frå 17.9.1938 Jan Blystad, f. 1895, frå 19.11.1947 Henrik W. Paulsen, f. 1899, frå 1.7.1955 Aadne Nyli, f. 1908, frå 17.2.1959 Helge Moss, f. 1921, frå 17.3.1962 Ola Jarle Haugen, f. 1921, frå 13.1.1966 Wilfred Skjøthaug, f. 1933, avdelingsleiar frå 1.11.1981

I den tida kor alle stasjonar var betente var Lora stoppestad underlagt stasjonsmeisteren på Lesja stasjon. Det militære sidesporet på Aura, fire kilometer aust for Lesja, var òg underlagt stasjonen. Sjølv om Lesja mista beteninga i 1990, vart det framleis sendt vognlaster til stasjonen i mange år etterpå. Lesja var inntil 2003 den siste mellomstasjonen som ekspederte vognlaster på Raumabana.

Stasjonsbygninga Stasjonsbygninga vart teikna av Jernbanens arkitektkontor ved Gudmund Hoel og Bjarne Friis Baastad. Bygningstypen er kalla «Type for Raumabanen» og er likeins som fleire andre på bana, mellom anna Bottheim, Verma og Marstein.

Stasjonsbygninga vart bygd mellom 1917 og 1921, kravde arbeidstimar og kosta kroner. Heile stasjonsanlegget kosta i alt kroner. Bygninga er reist av lafta tømmer kledd med liggjande trepanel og ståande vekselpanel i gavlane. Saltaket er tekt med skifer. Gavlvindauga og døropninga inn til venterommet er innramma med ornament i nyrokokko.

Fyrste etasje inneheldt venterom, ekspedisjonskontor og telegrafistkontor. I 1981 vart det innreidd kvilerom med bad for baneavdelinga i ein del av venterommet. Ekspedisjonsrommet hadde karnapp mot plattforma med plass til innvendig stillverk. I andre etasje var det ein tenestebustad med inngang frå baksida. Kjellaren hadde rom for matlagring, brensellagring og bryggerhus for kledevask. Godshuset var i ei einetasjes sidefløy til stasjonsbygninga.

På stasjonsområdet er det òg ein privétbygning, eit vedskur, ein vaktarbustad (teikna av Hoel og R. Werenskiold) med uthus og eit rampeskur frå 1949.

Kulturminnet NSBs bygningsregistrering i 1981 omtala stasjonsbygninga «i god stand» og verneverdien som «middels».

Då registreringa skulle omsetjast i eit høyringsutkast til verneplanen i 1993, vart Lesjaverk stasjon foreslått verna. Eigaren NSB sette seg i mot og føreslo istaden å verna Lesja stasjon. Fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal føreslo Verma stasjon, og styringsgruppa valde difor Verma som representant for stasjonane på Raumabana. Lesjaverk og Lesja vart tekne ut av planane.

Nasjonal verneplan (2004) I Nasjonal verneplan for kulturminner i jernbanen (2004) vart stasjonane på Lesja og Lesjaverk framheva som viktige lokale kulturminne:

Lesja stasjon vart som fylgje av dette verna etter plan- og bygningslova. Vernet omfattar stasjonsbygning, godshus, privét, plattform, hage og planta allé med stabbesteinar.

Kjelder

Bibliografi

Denne artikkelen bygger på «Lesja stasjon» frå , den 19. mai 2024.

Bakgrunnstoff

Innlandet fylkesarkiv Bilete frå Lesja stasjon Bane NOR Network Statement 2024. Informasjon om stasjonen.

Kategori:Jarnbanestasjonar på Raumabanen Kategori:Jarnbanestasjonar i Innlandet Kategori:Samferdsle i Lesja Kategori:Jarnbanestasjonar opna i 1921 Kategori:1921 i Noreg Kategori:Gudmund Hoel Kategori:Bjarne Friis Baastad Kategori:Byggverk i Lesja