Ilke Wyludda () var ein tysk friidrettsutøvar frå Leipzig som representerte Aust-Tyskland og seinare Tyskland i diskoskast og kulestøyt. Ho spesialiserte seg i diskoskasting og vart europameister i øvinga i 1990 og 1994, og olympisk meister i 1996. Frå 1989 til 1991 vann ho 41 strake sigrar, og vart einast slått av Tsvetanka Khristova under VM 1991.

Aktiv Wyludda lukkast ikkje å kome med på Aust-Tyskland sitt lag til Sommar-OL 1988. Derimot sette ho den 13. september 1988, like etter olympiaden, å setje ein nærast uslåeleg juniorverdsrekord på 74,40 meter, to meter lengre enn vinnarkastet i OL.

Wyludda vann EM-gullet i diskos i 1990 og tok sølvmedaljen i øvinga i Tokyo-VM året etter. Dei neste sesongane var ho sett noko tilbake, grunna skade. Perioden 1994-96 var ho atter i den ypparste verdstoppen, og forsvarte EM-tittelen i Helsinki i 1994, før ho tok eit nytt VM-sølv i 1995. Under dei olympiske leikane i Atlantla 1996 var ho heilt i ei eiga klasse og vann diskostevlinga med over tre meters margin til sølvmedaljøren.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 1987 i Roma: Nr 4 – 68,20 m EM 1990 i Split: Gullmedalje – 68,46 m, framom Olga Tsjernjavskaja (66,72 m) VM 1991 i Tokyo: Sølvmedalje – 69,12 m, bakom Tsvetanka Khristova (71,02 m) OL 1992 i Barcelona: Nr 9 – 62,16 m VM 1993 i Stuttgart: Nr 11 – 60,42 m EM 1994 i Helsinki: Gullmedalje – 68,72 m, framom Ellina Zvereva (64,46 m) VM 1995 i Göteborg: Sølvmedalje – 67,20 m, bakom Ellina Zvereva (68,64 m) OL 1996 i Atlanta: Gullmedalje – 69,66 m, framom Natalja Sadova (66,48 m) EM 1998 i Budapest: Nr 6 – 63,46 m OL 2000 i Sydney: Nr 7 – 63,16 m

Sjukdom I desember 2010 førte ein infeksjon til at Wyludda måtte få amputert høgrebeinet frå låret. Ho deltoke sidan i handikappidrett, mellom anna var ho med ved Sommar-Paralympics i 2012.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ilke Wyludda» frå , den 15. august 2016. World Athletics

Kategori:Austtyske idrettsutøvarar Kategori:Tyske diskoskastarar Kategori:Olympiske meistrar for Tyskland Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1992 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1996 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 1996 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1996 Kategori:Tyske deltakarar under sommar-OL 2000 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2000