Stephen Percy «Steve» Harris () er ein engelsk musikar og låtskrivar. Han er best kjend som bassist og den viktigaste låtskrivaren i det britiske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han er det einaste medlemmmet i Iron Maiden som har vore med sidan starten i 1975, i lag med gitaristen Dave Murray.
Harris har ein gjenkjenneleg og populær spelestil på bassen, særleg den «galopperande» stilen som ein kan høyre på fleire Iron Maiden-songar, som singlane «Run to the Hills» og «The Trooper». I tillegg til å spele bass, skrive låtar og synge korvokal, har han hatt andre roller i gruppa, som å produsent og medprodusent, regissør for konsertvideoane deira, og spele klaverinstrument og synthesizerar i studio. Han har blitt omtalt som ein av dei beste heavy metal-bassistane.
Den 24. september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.
Tidleg liv Harris var fødd i og voks opp i Leytonstone, der han ønskte å bli profesjonell fotballspelar. Han vart oppdaga av Wally St Pier og fekk trene med West Ham United. Tidleg i tenåra vart han interessert i rockemusikk, og forstod at han ikkje lenger ønskte å spele fotball.
I starten ønskte Harris å spele trommer, mmen hadde ikkje nok plass til eit trommesett heime og valde å spele bass i staden. Han var heilt sjølvlært, og den første bassen hans var ein kopi av ein Fender Precision-modell som kosta han £40 i 1971.
Berre 10 månader etter han kjøpte den første bassen sin, vart Harris med i eit band, først kalla Influence og seinare Gypsy's Kiss, med Bob Verscoyle (solovokal), Dave Smith (gitar) og trommeslagaren Paul Sears. Etter nokre få konsertar i Cart and Horses pub i Maryland Point i Stratford og the Bridgehouse i Canning Town, vart bandet oppløyst og Harris prøvespelte for bandet Smiler i februar 1974. Her byrja Harris å skrive sine eigne songar og arbeidde med dei framtidige Iron Maiden-medlemmane Dennis Wilcock og Doug Sampson, men slutta i bandet då dei nekta å spele songane hans, som dei meinte var for kompliserte.
Karriere
Iron Maiden
Etter han slutta i Smiler, starta Harris opp Iron Maiden på juledagen 1975. Før Iron Maiden fekk kontrakt med EMI i 1979, arbeidde Harris som teknisk teiknar i East End of London fram til han vart overflødig. Han tok seg då jobb som gatefeiar.
Frå starten av bandet var Harris den viktigaste låtskrivaren i bandet. Songane hans hadde ofte ein galopperande bass, som ein kan høyre mykje på songar som «The Trooper» og «Run to the Hills», og taktendringar påverka av progressiv rock. I seinare år har songane til Harris blitt meir progressive, og gitaristen Adrian Smith har sagt at Harris no føretrekkjer «tekstar og melodiar og arrangering» for songane til dei andre medlemmane, i staden for å skrive aleine. Harris har ofte skrive tekstar om mytologi, historie og tema inspirerte frå bøker og filmar, og reflekterer interessene sine og påverknaden til progressiv rock.
Soloprosjekt
I september 2012 gav Harris ut det første soloalbumet sitt, British Lion.
Diskografi mini|Harris (høgre) med Dave Murray i 2008. Iron Maiden (1980) Killers (1981) The Number of the Beast (1982) Piece of Mind (1983) Powerslave (1984) Somewhere in Time (1986) Seventh Son of a Seventh Son (1988) No Prayer for the Dying (1990) Fear of the Dark (1992) The X Factor (1995) Virtual XI (1998) Brave New World (2000) Dance of Death (2003) A Matter of Life and Death (2006) The Final Frontier (2010) The Book of Souls (2015) Solo British Lion (2012) Lauren Harris Calm Before the Storm (2008) Deeds Blown (produsent, 2002)}}
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Steve Harris (musician)» frå , den 21. august 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Iron Maiden-medlemmar Kategori:Engelske heavy metal-bassistar Kategori:Engelske rockebassistar Kategori:Engelske songarar Kategori:Engelske heavy metal-songarar Kategori:Folk frå Leytonstone Kategori:West Ham United F.C.-spelarar Kategori:Musikarar frå London