Gunnar Alexander Huseby () var ein islandsk friidrettsutøvar frå Reykjavik som vart europameister i kulestøyt i 1946 og 1950.

Aktiv Allereie i 1944 støytte Gunnar Huseby 15,50 meter, ein prestasjon nær verdstoppen i kulestøyting. Den 23. august 1946 vann han kuletevlinga under EM i friidrett 1946 i Oslo med eit bestestøyt målt til 15,56 m, vel 30 cm lengre enn sølv- og bronsemedaljørane, Sovjetunionens Dmitrij Gorjainov og Finlands Yrjö Lehtilä.

Fire år seinare forsvarte Huseby EM-tittelen i kulestøyt under friidretts-EM 1950 i Brussel. Med sitt livs lengste støyt på 16,74 meter var han i ei heilt eiga klasse i tevlinga, italienaren Angiolo Profeti fekk sølv med 15,16 meter.

Gunnar Huseby forbetra den islandske kulerekorden med over to meter frå 1941 til 1950. Frå 1945 sette han også fleire rekordar i diskoskasting, til han i 1950 stoppa på 50,13 meter. Han la eigentleg opp i 1951, men kom av og til tilbake på arenaen. Så seint som i 1958 støytte han 16,03 meter og i 1962 15,75 meter.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Gunnar Huseby» frå , den 23. august 2016.

World Athletics

Kategori:Islandske friidrettsutøvarar Kategori:Kulestøytarar Kategori:Diskoskastarar Kategori:Europameistrar i friidrett Kategori:Folk frå Reykjavík