Erik Håkan Lidman () var ein svensk friidrettsutøvar frå Göteborg. Han vart europameister på 110 meter hekk i 1946, åtte år etter han fekk EM-sølv i same øvinga.
venstre|mini|Håkan Lidman, til venstre, og Sten Pettersson i 1935
Lidman var svensk meister på korthekken i tida 1934-45 og 1947-48. Han tok seg til finalen på 110 m hekk under Sommar-OL 1936 i Berlin, der han med tida 14,5 sekundar enda på fjerdeplass. To år seinare tok han sølvmedaljen då EM i friidrett 1938 fann stad i Paris, britiske Don Finlay vann tevlinga på 14,3 og Lidman fekk notert 14,5. I 1940 sette Lidman europarekord i 110 m hekk med tida 14,0, fyrst i 1956 vart rekorden sletta.
Under EM i friidrett 1946 i Oslo vann Lidman gullmedaljen på korthekken etter å ha vorte klokka inn på 14,6 sekundar, belgiske Pol Braekman tok sølv på 14,9. Same sesongen stilte han ikkje opp i den svenske friidrettsmeisterskapen, i protest mot at det svenske friidrettsforbundet hadde utestengd fleire utøvarar på livstid (for brot på amatørreglementet).
Lidman kvalifiserte seg også til OL-finalen på 110 m hekk i London i 1948, men enda som sjette og sistemann.
Han døydde i Estepona i Spania, 85 år gammal
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Håkan Lidman» frå , den 24. august 2016.
Bakgrunnsstoff World Athletics
Kategori:Svenske hekkeløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Sverige Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1936 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1936 Kategori:Svenske deltakarar under sommar-OL 1948 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948