«Wasted Years» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Han var den fjortande singelen deira og den første frå albumet Somewhere in Time (1986). Dette er den einaste songen på albumet der dei ikkje nyttar nokon synthesizer. Songen vart gjeven ut i 1986 og var den første singelen deira som var skriven heilt av gitaristen Adrian Smith, som òg syng korvokal på songen. Han nådde 18. plassen på UK Singles Chart.
Oversikt Songen handlar om heimlengsel og framandgjering, i tillegg til dei negative sidene ved den lange turneen bandet nettopp hadde hatt, som varte nesten eitt år, og personlege problem Smith og andre bandmedlemmar hadde på den tida.Iron Maiden - Flight 666 DVD, History Of Iron Maiden pt 2 Samstundes indikerer refrenget at ein bør leggje problema bak seg og sjå framover. Arbeidstittelen på songen var «Golden Years».
Singelomslaget syner bandmaskoten Eddie som flyg i ein tidsmaskin. Ein kan berre sjå ein del av andletet til Eddie, reflektert i ein skjerm. I følgje kunstnaren Derek Riggs var dette fordi bandet ikkje ønskte å avsløre maskoten i cyborg-form før albumet kom ut nokre veker seinare. Som med plateomslaget til Somewhere in Time, er TARDIS frå BBC-serien Doctor Who med på omslaget.
Musikkvideoen til songen består av svartkvitbilete av bandet som spelar songen i eit studio i Frankfurt i Vest-Tyskland, blanda med forskjellige scener frå tidlgare videoar av bandet og klipp frå turnelivet under World Slavery-turneen.
«Wasted Years» finst i videospelet Rock Band.
B-sider B-sida «Reach Out» vart sungen av Adrian Smith, med den faste songaren Bruce Dickinson på korvokal. Denne songen var tidlegare framført på konsertar av Nicko McBrain og Smith i sideprosjektet deira The Entire Population of Hackney.
Songen «Sheriff of Huddersfield» handlar om Iron Maiden-manageren Rod Smallwood og avgjersla hans om å flytte til Los Angeles og kjøpe eit hus i Hollywood Hills. Visstnok hadde han problem med å tilpasse seg livsstilen i LA og klaga ofte om dette til bandet. Smallwood kjende ikkje til songen før han kom ut på singel, sidan bandet heldt det skjult for han. Songen opnar med den talte linja «We're on a mission from Rod», ein parodi frå The Blues Brothers, «We're on a mission from God».
Konsertversjonar «Wasted Years» er ein av tre songar frå Somewhere in Time som har blitt spelt på meir enn to konsertturnear, i lag med den andre singelen frå albumet «Stranger in a Strange Land» og «Heaven Can Wait». Han vart spelt på Somewhere On Tour, Seventh Tour of a Seventh Tour,, Real Live Tour (berre nokre få konsertar), The Ed Hunter Tour, Somewhere Back in Time World Tour. og Maiden England World Tour.
Janick Gers spelar soloen på Real Live Tour-turneen då Smith slutta i Iron Maiden i 1990. Han spelte òg alle Smith sine gitarparti på eit par konsertar under Ed Hunter Tour, medan Smith var borte. Sidan 1999 har Smith og Gers spelt introen i lag.
Innhald 7"-singel
12"-singel
Medverkande Frå singelomslaget. Bruce Dickinson – solovokal Adrian Smith – gitarar, korvokal, solovokal på «Reach Out» Dave Murray – gitarar Steve Harris – bassgitar Nicko McBrain – trommer Produksjon Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing Derek Riggs – illustrasjon Aaron Rapoport – fotografi
Lister Singel Liste (1986) Plassering Album «Wasted Years»Irish Singles Chart 11Somewhere in TimeUK Singles Chart 18 Singel Liste (1990) Plassering Album «Wasted Years/ Stranger in a Strange Land» UK Albums ChartNyutgjeving av begge singlane som ein del av The First Ten Years. Strekte seg over tidsgrensa til UK Singles chart. 9 —
Fotnotar
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Wasted Years» frå , den 26. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1986 Kategori:Singlar frå 1986 Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar skrivne av Adrian Smith