Rohkunborri nasjonalpark er ein norsk nasjonalpark i Troms. Parken omfattar dei indre delane av Sørdalen og fjellområda austover med fjellmassivet Rohkunborri og innsjøen Geavdnjajávri og dekker eit område på 556 km².
Rohkunborri nasjonalpark vart oppretta i 2011, for «å bevare eit stort naturområde med eit særeige landskap for å sikre biologisk mangfald med økosystem, artar og bestandar i eit vidt spenn av naturtypar frå frodige gråor-heggeskogar, urskogsprega bjørkeskog og høgstaudeskogar, store våtmarksområde og ferskvassmiljø med opphavleg dyre- og plantesamfunn til alpine naturtypar med canyon i Sørdalen. Fjellreven er ein art det skal takast spesielt vare på.»regjeringen.no: Verneforskriften
Kjelder
Kategori:Nasjonalparkar i Noreg Kategori:Geografi i Bardu Kategori:Verneområde i Troms Kategori:Verneområde oppretta i 2011