«Holy Smoke» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det var den første singelen deira med gitaristen Janick Gers, som kom med i bandet i 1990. Singelen kom ut berre få veker før albumet No Prayer for the Dying, og singelen nådde tredjeplassen på UK Singles Chart.
Oversyn Songen handlar om dei mange televangelist-skandalane som fann stad i USA seint i 1980-åra, og nemner mellom anna «Jimmy the Reptile» (ein referanse til Jimmy Swaggart), «The TV Queen» (ein mogeleg referanse til Tammy Faye Bakker), Noah og «plenty of bad preachers for the Devil to stoke.» I motsetnad til kva mange trudde, er ikkje songen retta mot kristendomen i seg sjølv, men folk som misbrukar religionen til å gagne seg sjølv. Dette er ein av særs få Iron Maiden-songar med bannord i teksten (til dømes «Flies around shit/bees around honey» og «I've lived in filth/I've lived in sin/and I still smell cleaner than the shit you're in»), som vart erstatta av skot i sensurerte versjonar.
Songen er atypisk for bandet og er kort og beintfram. Han har ein vanleg pop-rock-struktur med ein intro, vers, refreng, vers, refreng, solo, vers og eit refreng som avslutning. Den første soloen vert spelt av Janick Gers og den andre av Dave Murray.
Bandet spelte inn ein humoristisk musikkvideo til sogen, der bandet vert filma på garden til Steve Harris i Sheering, og spelar fotball og køyrar traktor. Bruce Dickinson hoppar kring i ein kålrotåker ikledd ei rosa t-skjorte, Dave Murray spelar gitar i ein bekk, og Janick Gers spelar ein leiketøysgitar i eit symjebasseng. Ein kan òg sjå produsenten på plata, Martin Birch, i videoen ikledd eit slags sadomasokistisk kostyme. Videoen vart regissert av Harris sjølv.
B-sida til singelen var versjonar av Stray-songen «All in Your Mind» og Golden Earring-songen «Kill Me Ce Soir».
Innhald «Holy Smoke» (Dickinson, Harris) – 3:47 «All in Your Mind» (Stray-song; Del Bromham) – 5:58 «Kill Me Ce Soir» (Golden Earring-song; George Kooymans, Barry Hay, John Fenton) – 7:03
Medverkande Henta frå singelomslaget. Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Janick Gers – gitar Dave Murray – gitar Steve Harris – bassgitar Nicko McBrain – trommer Produksjon Martin Birch – produsent, lydteknikar, miksing Derek Riggs – illustrasjon Ross Halfin – fotografi
Versjonar SongarLand & årKatalognummerFormatHoly Smoke / All in Your MindAustralia 1990EMI 2477-7Single 7"Holy Smoke / All in Your MindFrance 1990EMI 2040287Single 7"Holy Smoke / All in Your MindTyskland 1990EMI 006 0 204028 7Single 7"Holy Smoke / All in Your MindItaly 1990EMI 06 20 4028 7Single 7"Holy Smoke / All in Your MindUK 1990EMI EM 153Black Labels Single 7"Holy Smoke / All in Your MindUK 1990EMI EM 153Silver Labels Single 7"Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce SoirEEC 1990 (German Label)EMI 060-20 4028 6Maxi SingleHoly Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce SoirItaly 1990EMI 14 20 4028 6Maxi SingleHoly Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce SoirUK 1990EMI 12 EMP 153Maxi Single 12" + Poster 12"Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce SoirUK 1990EMI EMP 153Picture Disc Single 12"Holy Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce SoirJapan Promo 1990EMI TOCP-6449CD SingleHoly Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce SoirJapan 1990EMI TOCP-6449CD SingleHoly Smoke / All in Your Mind / Kill me Ce SoirUK 1990EMI CDEM 153CD SingleHoly SmokeUSA Promo 1990Epic ESK 2194CD SingleHoly Smoke / All in Your MindAustralia 1990EMI TC-2477-4Cassette SingleHoly Smoke / All in your MindUK 1990EMI TCM 153Cassette Single
Lister Liste (1990) Plassering Irish Singles Chart 4 Den sveitisiske singellista 20 UK Singles Chart 3
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Holy Smoke (song)» frå , den 29. august 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Songar frå 1990 Kategori:Singlar frå 1990 Kategori:Songar skrivne av Steve Harris Kategori:Songar skrivne av Bruce Dickinson Kategori:EMI Records-singlar