Livio Berruti () er ein italiensk tidlegare friidrettsutøvar frå Torino som vart olympisk meister på 200 meter under 1960-leikane i Roma. Berruti gjorde sitt livs løp då han vann gullmedaljen på 200 meter under Sommar-OL 1960 i Roma. Vinnartida 20,5 sekundar var tangering av verdsrekorden, sølvvinnar Lester Carney frå USA fekk notert 20,6 og Frankrikes Abdoulaye Sèye 20,7.

Aktiv Berruti viste styrke og sette italiensk rekord på 200 meter med 20,8 sekund ved eit stemne i Malmö i august 1959. I slutten av mai 1960 tangerte han europarekorden på 100 m då han i Verona vart klokka i mål på 10,2 sekund. Eit par veker seinare flytta han sin eigen landsrekord på spesialdistansen til 20,7 sekund. 3. september i Roma tangerte han i OL-semifinalen på 200 meter verdsrekorden med tida 20,5. I finalen nokre timar seinare sprang Berruti på ny 20,5, og vann gullmedaljen framom favorittar frå USA. Få dagar etter var han eitt hundredels sekund unna bronsemedalje med Italia sitt mannskap i 4×100 meter stafett.

Sidan makta ikkje Berruti å hevde seg aller øvst i store internasjonale meisterskap. Som best vart han nummer 5 på 200 meter under dei olympiske leikane i 1964 og nummer 7 i europameisterskapen 1966.Han la opp i 1969.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 1958 i Stockholm: Utslått i semifinalane på 100 m og 200 m (nr 12 og nr 18) OL 1960 i Roma: Gullmedalje på 200 m – 20,5, framom Lester Carney (20,6) EM 1962 i Beograd: Utslått i semifinalane på 100 m (10,5=nr 8) OL 1964 i Tokyo: Nr 5 på 200 m – 20,83 EM 1966 i Budapest: Nr 7 på 200 m – 21,5 OL 1968 i Mexico-byen: Utslått i kvartfinalane (21,01=nr 21)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Livio Berruti» frå , den 4. september 2016.

World Athletics

Kategori:Italienske sprintarar Kategori:Olympiske meistrar for Italia Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1960 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Italienske deltakarar under sommar-OL 1968 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1968