A Matter of Life and Death er det 14. studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden. Det vart gjeve ut den 25. august 2006 i Italia og Finland, og 28. august i resten av verda, bortsett frå Nord-Amerika og Japan, der albumet kom ut 5. september. Det var det første Iron Maiden-albumet som nådde topp 10 på den amerikanske Billboard-lista, og nådde høgt på listene i mange andre land.

Albumet er ikkje eit konseptalbum, men krig og religion er tema som går att, mellom anna på plateomslaget.

Turneen etter albumet vart kalla A Matter of Life and Death-turneen, der bandet spelte heile albumet.

Oversyn Iron Maiden byrja å skrive nye songar nær slutten av 2005. Dei hadde då hatt ein pause etter den særs suksessrike Eddie Rips Up The World Tour i USA og Europa. Etter ein pause over jul, vart songane skrivne ferdige og bandet byrja å spele dei inn i Sarm West Studios i London med den faste produsenten deira, Kevin Shirley.

For å få ein meir «konsertaktig» lyd, vart ikkje albumet mastra. Produsenten Kevin Shirley sa «Snakka med 'Arry (Steve Harris) på fredag, som valde å ikkje mastre Iron Maiden-albumet... det betyr at du vil få høyre det nye albumet nøyaktig slik det høyrtest ut i studioet, ikkje noko EQ, kompresjon, analog utviding etc, og eg må sei eg er ganske nøgd med sluttresultatet.»

mini|venstre|Iron Maiden under A Matter of Life and Death Tour, der dei spelte heile albumet. Vokalisten Bruce Dickinson snakka med Metal Hammer i september og sa at «Alle var klar til å resse ting så langt som mogeleg, men plata var enkel å lage.» Dickinson sa vidare at dei «hadde to månadar til overs etter plata vart spelt inn,» og Harris la til at «mykje av det du høyrer er det første opptaket av songane.» Harris snakka om musikkstilen på albumet og sa «Det er tyngre enn me har vore før, men òg særs progressivt. Og eg meiner ikkje det på den moderne måten, men som Dream Theater, meir som i 1970-åra.»

Dette er det fjerde studioalbumet til bandet som ikkje er kalla opp etter ein av songane på albumet. Trommeslagaren Nicko McBrain og gitaristen Janick Gers hevda at albumet opphavleg skulle ha namn etter ein av songane, og både «The Pilgrim» og «The Legacy» vart vurderte. I følgje Gers vil «stundom ein tittel berre hoppe mot deg som det opplagde valet, men det gjorde det ikkje denne gongen av ein eller annan grunn,» så bandet valde A Matter of Life and Death, som i følgje McBrain var blant «to eller tre idear me hadde liggande.» Verken Gers eller McBrain kan hugse kven som kom på tittelen, men meiner det var anten Harris, Rod Smallwood (manageren til bandet) eller «Drew» (ein lydteknikar i Sarm West Studios).

Plateomslaget vart laga av Tim Bradstreet, ein amerikansk kunstnar som er mest kjend for arbeidet sitt med teikneseriane Hellblazer og Punisher.

Under A Matter of Life and Death Tour i 2006 framførte Iron Maiden heile albumet frå start til slutt, noko som fekk blanda mottaking. Bandet meiner framleis dette var ein god ide, og McBrain sa «Eg trru det var det beste albumet eg spelte inn med dette bandet» og «mange var glade for å få høyre heile albumet på konsertane,» medan Dickinson sa at dei gjorde dette mellom anna fordi «fansen vår likar oss nettopp fordi me framleis har ein aktiv musikalsk styrke.»

Singlar Den første singelen frå albumet var «The Reincarnation of Benjamin Breeg», og kom ut 14. august 2006. Den 10. august vart «Different World» tilgjengeleg for nedlasting frå nettsida til bandet, og det same vart «Brighter than a Thousand Suns» dagen etter. «Different World» var den andre singelen, og vart spelt på mange rockeradiostasjonar. Det vart òg laga ein animert musikkvideo til songen, liknande videoen til «Wildest Dreams».

DVD-dokumentar I tillegg til den vanlege CD-utgåva kom A Matter of Life and Death ut i ein avgrensa versjon med ein bonus-DVD. DVD-plata inneheldt ein halvtimes lang dokumentar, i tillegg til videoar og bilete av bandet medan dei spelte inn albumet. Dokumentaren, kalla «The Making of A Matter of Life and Death», var regissert av Matthew Amos (som regisserte The Early Days og Death on the Road), med bilete hovudsakleg filma av Kevin Shirley sjølv under innspelinga av albumet i studio. DVDen inneheld og ein musikkvideo for «The Reincarnation of Benjamin Breeg», og klipp av bandet som spelar inn «Different World» i studio. Albumet kom òg ut som ei avgrensa dobbel vinylplate med biletoverflate, og som digital nedlasting.

Mottaking

Albumet fekk gode meldingar. Metal Hammer gav det 10 av 10 og sa «Iron Maiden har verkeleg overgått seg sjølv». Sputnikmusic gav det òg full score og sa «A Matter of Life and Death har alt ein fan ønskjer å høyre; spanande historieforteljing i Maiden-stil, aggressive riff, imponerande solar og melodiske harmoniar.» BBC Music hylla bandet for «den fabelaktige evna til å skrive flotte tekstar kring gitararrangement som rockefansen krev» og konkluderte med at «I denne verda av håplaus auto-tuna middelmåtigheit er her eit britisk band som stadig skapar fantastisk musikk som overraskar både journalistar og fans.» IGN gav det 8,3 av 10 og hylla albumet som «det beste sidan Piece of Mind.» PopMatters gav det 8 av 10 og kalla det «det mest fokuserte albumet deira sidan Seventh Son of a Seventh Son i 1988, eit som unngår konsertvennlege allsongar til fordel for massive progrockliknande komposisjonar.» Classic Rock gav albumet 9 av 10 og skreiv «det er ikkje berre det beste Maiden-albumet sidan 1980-åra, men kanskje det beste sidan Piece of Mind i 1983,» og kåra albumet til årets album i 2006.

Rolling Stone gav albumet 3 av fem og meinte at musikken og tekstane var «relevante», men og at «songane marsjerer no, der dei ein gong galopperte» og skreiv vidare at bandet «eldast med stil». AllMusic var òg mindre positive og gav det 3,5 av 5 og sa at det er «eit meir utførleg og buktande album enn føregangaren Dance of Death, men givande for fans som er villige til å gje seg over til dei stundom utsvevingane til bandet.»

Innhald

Avgrensa DVD The Making of A Matter of Life and Death – 30:15 «The Reincarnation of Benjamin Breeg» Video – 7:23 Studioopptak av «Different World» – 4:17 Fotogalleri – 5:36

Medverkande Henta frå plateomslaget. Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar, gitar-synthesiser på «Brighter than a Thousand Suns» Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar, klaverinstrument, medprodusent Nicko McBrain – trommer Produksjon Kevin Shirley – produsent, miksing, lydteknikar Drew Griffiths – lydteknikar Alex MacKenzie – assisterande lydteknikar Tim Bradstreet – illustrasjon på omslaget Grant Goleash – illustrasjon på omslaget Peacock – kunstnarisk leiar, design Simon Fowler – fotografi John McMurtrie – fotografi Rod Smallwood – management Andy Taylor – management Matthew Amos – regissør av dokumentarfilmen og musikkvideoane Kit Hawkins – produsent (bonus DVD) Dave Pattenden – produsent (bonus DVD)

Lister Den 14. september gav Iron Maiden ut ei melding som sa at «berre på den første veka er det sendt ut over ein million eksemplar av det nye albumet verda over og det har gått inn på listene overalt». Dette var det første albumet deira som klarte å nå topp 10 på Billboard 200 i USA, og selde der 56 000 eksemplar den første veka. Albumet debuterte på fjerdeplassen i India, den høgaste plasseringa eit rockealbum nokon gong hadde hatt i landet, før det femtande studioalbumet deira The Final Frontier debuterte på toppen av lista. A Matter of Life and Death selde òg til gullplate i Finland den første veka det kom ut, det åttande gullalbumet til bandet i landet.

Album LandListe (2006)PlasseringAustraliaARIA Charts12AusterrikeÖ3 Austerrike Topp 404Belgia (Flandern)Ultratop8Belgia (Vallonia)7CanadaCanadian Albums Chart2DanmarkTracklisten8FinlandDen finske albumlista1FrankrikeSNEP5TysklandMedia Control Charts1IrlandIrish Albums Chart 5ItaliaFIMI1JapanOricon11NederlandMegaCharts7New ZealandRIANZ16NoregVG-lista2PolenPolish Music Charts1PortugalAFP11SpaniaPROMUSICAE4SverigeSverigetopplistan1SveitsHitparade2StorbritanniaOffisiell albumliste4USABillboard 2009LandListe (2010)PlasseringHellasIFPI Hellas63

Singlar SingleListe (2006)Plassering«The Reincarnation of Benjamin Breeg»Den finske singellista1Den franske singellista70Den tyske singellista39Irish Singles Chart18VG-lista i Noreg9Sverigetopplistan1Den sveitisiske singellista74«Different World»Den tyske singellista40Irish Singles Chart39SingleListe (2007)Plassering«Different World»Den finske singellista1Den franske singellista99Den italienske singellista3Den svenske singellista52UK Singles Chart3

Salstrofé LandSalstroféSalesBrasil (ABPD)Gull50 000+Canada (Music Canada)Gull50,000+Finland (IFPI Finland)Platina30 000+Tyskland (BVMI)Gull100 000+Hellas (IFPI Hellas)Gull10 000+ Sverige (IFPIGull30 000+Sveits (IFPI)Gull15 000+Storbritannia (BPI)Gull100 000+

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «A Matter of Life and Death (album)» frå , den 5. september 2016.

Kategori:Iron Maiden-album Kategori:Musikkalbum frå 2006 Kategori:Album produserte av Kevin Shirley Kategori:EMI Records-album Kategori:Engelskspråklege album Kategori:Nummer-ein-album i Finland Kategori:Nummer-ein-album i Sverige Kategori:Nummer-ein-album i Tyskland Kategori:Nummer-ein-album i Polen Kategori:Nummer-ein-album i Italia