Shaunae Miller-Uibo () er ein friidrettsutøvar frå Bahamas som tevlar i sprintløp. Ho vart olympisk meister på 400 meter både i 2016 og 2021, samt verdsmeister 2022. Hennar personbeste på 200 meter og 400 m er på 21,74 og 48,36 sekund, oppnådd i høvesvis 2019 og 2021.

Aktiv 19 år gammal kom Miller på fjerdeplass på 200 m ved Moskva-VM. To år seinare vann ho sølvmedaljen på 400 meter under VM i friidrett 2015 i Beijing, einast Allyson Felix sprang fortare. Året etter vann Miller gullmedaljen på same distansen då Sommar-OL 2016 vart avvikla i Rio de Janeiro, sju hundredels sekund føre nemnte Felix. I London-VM 2017 gjorde Miller det best på 200 m, der ho tok bronsen. Under verdsmeisterskapen 2019 gjorde ho eit fabelaktig godt 400-meterløp på tida 48,37, trass i dette måte ho sjå seg slått av marokkanske Salwa Eid Naser.

Miller-Uibo tok sitt mun att under dei olympiske sommarleikane i Tokyo i 2021, der ho forbetra sitt personbeste på 400 meter med ein hundredels sekund til 48,36 sekund og vann ein suveren siger. Eitt år seinare vann ho distansen også i friidretts-VM i Eugene i USA, som i Tokyo framom den neste verdseinaren på 400 meter for kvinner, Marileidy Paulino.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 2012 i London: Utslått på 400 m (-) VM 2013 i Moskva: Nr 4 på 200 m – 22,74 VM 2015 i Beijing: Sølvmedalje på 400 m – 49,47, bakom Allyson Felix (49,26) OL 2016 i Rio de Janeiro: Gullmedalje på 400 m – 49,44, framom Allyson Felix (49,51) VM 2017 i London: Bronsemedalje på 200 m – 22,15. Nr 4 på 400 m – 50,49 VM 2019 i Doha: Sølvmedalje på 400 m – 48,37, bakom Salwa Eid Naser (48,14) OL i 2021 i Tokyo: Gullmedalje på 400 m – 48,36, framom Marileidy Paulino (49,20). Nr 8 på 200 m – 24,00 VM 2022 i Eugene: Gullmedalje på 400 m – 49,11, framom Marileidy Paulino (49,60). VM 2023 i Budapest: Utslått i kvalifiseringa på 400 m (52,65=nr 37) OL 2024 i Paris: Utslått i forsøka på 400 m

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Shaunae Miller-Uibo» frå , den 16. juni 2022.

Bakgrunnsstoff World Athletics

Kategori:Bahamanske sprintarar Kategori:Olympiske meistrar for Bahamas Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2016 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Bahamanske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020