«Empire of the Clouds» er ein song av det engelske heavy metal-bandet Iron Maiden frå det sekstande studioalbumet deira, The Book of Souls. Songen vart gjeven ut på singel 16. april 2016 i samband med Record Store Day.
Bakgrunn, låtskriving og innspeling «Empire of the Clouds» er 18 minuttar lang og den lengste songen Iron Maiden har spelt inn, fleire minuttar lengre enn «Rime of the Ancient Mariner» frå albumet Powerslave frå 1984. Songen fortel soga om luftskipet R101, som styrta på jomfrureisa si nord i Frankrike den 5. oktober 1930. Songen vart skriven av vokalisten i bandet, Bruce Dickinson, som først tenkte å skrive om tredekkarar frå fyrste verdskrigen, men vart tvungen til å endre dette etter å ha skrive teksten til «Death or Glory» (òg frå The Book of Souls) med same tema. Då songen vart spelt inn las Dickinson «ein slags leksikalsk ulukkesrapport» om R101, kalla To Ride the Storm, og dette gav han ideen om songen, i tillegg til dei første tekstlinjnene. Dickinson skildra det som «Ei særs gripande soge, særs human, ei soge om ambisjonar og draumar.»
Dickinson skreiv songen under innspelinga av The Book of Souls''' i Guillaume Tell Studios i Paris. I følgje ein av gitaristane i bandet, Adrian Smith, arbeidde Dickinson «aleine på songen i kring ein månad» i eit lydtett rom. Dickinson spelar piano på songen for første gong, og skreiv songen på flygelet i studioet, men nytta eit anna klaverinstrument på sjølve innspelinga, slik at det vart lettare å redigerte bort feil han spelte.
I følgje Smith var det ei utfordring for resten av bandet, sidan dei måtte spele i lag med pianoet til Dickinson, medan han og produsenten Kevin Shirley gav instruksjonar. I tillegg til bandet vart det lagt ekstra orkester på songen etterpå, emdan Nicko McBrain eksperimenterte med forskjellige perkusjonsinstrument, som ein gong spelt med boge, for å gjenskape styrten til luftskipet.
Den 11. mars 2016 annonserte bandet at songen skulle gjevast ut på 12" biletplate for Record Store Day i eit avgrensa sal på 5 500 eksemplar. Singelomslaget nytta biletframsida til Daily Mirror'' fr 6. oktober 1930. B-sida til singelen var eit intervju med Dickinson og McBrain, kalla «Maiden Voyage», der dei fortel om korleis songen var til.
Mottaking Songen vart kritikarrost då han kom ut på albumet. PopMatters kalla han eit «meisterverk» og «minst like trollbindande som 'Rime of the Ancient Mariner' frå 1984 [frå Powerslave]»,http://www.popmatters.com/review/196855-iron-maiden-the-book-of-souls/ medan AllMusic skildra han som «ein heavy metal-suite, ulikt alt anna i katalogen deira».http://www.allmusic.com/album/the-book-of-souls-mw0002855793 Blabbermouth.net og NME var ikkje samde om at han var like bra som «Rime of the Ancient Mariner», men Blabbermouth sa «han er verdt kvart minutt som ei filmaktig innkapsling av karrieren til bandet»,http://www.blabbermouth.net/cdreviews/the-book-of-souls/ og NME kalla han «the pièce-de-résistance».http://www.nme.com/reviews/iron-maiden/16242 Han fekk òg positiv omtale av Classic Rock, som kalla han «ein makelaus song»,http://classicrock.teamrock.com/reviews/2015-08-11/iron-maiden-the-book-of-souls-review medan Billboard kalla han «eit høgdepunkt».http://www.billboard.com/iron-maiden-the-book-of-souls-album-review Sputnikmusic meinte han var «ei stor betring» som avslutningsspor i forhold til dei to førre albuma deira og kalla han «intellektuell og stemningsfull».http://www.sputnikmusic.com/review/68459/Iron-Maiden-The-Book-of-Souls/ The Guardian meinte at det var usannsynleg at fansen som best likte dei gamle songane til bandet ikkje kom til å like han.http://www.theguardian.com/music/2015/sep/03/iron-maiden-the-book-of-souls-raw-and-punchy
Innhald «Empire of the Clouds» (Bruce Dickinson) – 18:01 «Maiden Voyage» (Dickinson, Nicko McBrain) – 21.07
Medverkande Production credits are adapted from the biletplate cover. Iron Maiden Bruce Dickinson – solovokal, piano Dave Murray – gitar Adrian Smith – gitar Janick Gers – gitar Steve Harris – bassgitar, medprodusent Nicko McBrain – trommer Produksjon Kevin Shirley – produsent, miksing Ade Emsley – mastering Paul Anthony – produsent, miksing («Maiden Voyage») Tony Newton – mastering («Maiden Voyage») Hervé Monjeaud – plateomslag
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Empire of the Clouds» frå , den 7. september 2016.
Kategori:Iron Maiden-songar Kategori:Singlar frå 2016 Kategori:Songar skrivne av Bruce Dickinson Kategori:Songar produserte av Kevin Shirley Kategori:Heavy metal-balladar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Songar frå 2015 Kategori:Songar om luftfart