Ignacio del Pórtico er einmannsprosjektet til den argentinske musikaren og låtskrivaren Ignacio Acevedo. Han var tidlegare vokalisten og gitaristen i La Otra Cara de la Nada før han starta sitt soloprosjekt.
Den første utgjevinga hans, Maquetas Fisuras, er ei samling av mange ulike opptak frå ein lengre tidsperiode, som kom ut i mars 2015. Kort tid etter gav han, saman med Los Migues, ein split-EP, då Migue budde ei veke hos Ignacio. Men det var verkeleg albumet Regalos de Sosiego, utgitt i juli 2015, som vekka merksemda for Ignacio del Pórtico både i Mexico og Venezuela. Ignacio del Pórtico, som opphavleg kjem frå den vesle byen Posadas, har turnert i Chile og i dei argentinske millionbyane Chaco og Mendoza.
Medlemer Ignacio Acevedo – gitarar, vokal, keyboard, bass og perkusjon
Diskografi Studioalbum Maquetas fisura (2015) Regalos del Sosiego (2015)
EP Vivimos Lejos (SPLIT) (2015)
Kjelder
Kategori:Argentinsk musikk