Richard Ian Faulkner () er ein engelsk gitarist.

Faulkner vart fødd i London. Tidleg i karrieren sin spelte han i band som Dirty Deeds, Voodoo Six, Ace Mafia og bandet til Lauren Harris. Den 20. april 2011 vart han utpeikt som etterfølgjaren til K.K. Downing i heavy metal-bandet Judas Priest.

Den første konserten hans med bandet var 25. mai 2011 på American Idol, der bandet spelte «Living After Midnight» og «Breaking the Law» med James Durbin.

Han har òg arrangert musikk for heavy metal-albumet til skodespelaren Christopher Lee Charlemagne: The Omens of Death, som kom ut på 27. mai 2013 på 91-årsdagen til Lee.

Diskografi Deeds – Blown (2002) Voodoo Six – Feed My Soul (2006) Lauren Harris – Calm Before the Storm (2008) Ace Mafia – Vicious Circle (2009) Parramon – Dead People (2010) Christopher Lee – Charlemagne: The Omens of Death (2013) (arrangør av sju av ti spor) Primitai – Rise Again (2013) (gjest) Judas Priest – Redeemer of Souls (2014) Judas Priest - Battle Cry Live (2016)

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Richie Faulkner» frå , den 10. september 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Youtube.com

Kategori:Engelske heavy metal-gitaristar Kategori:Musikarar frå London