«Better by You, Better than Me» er ein song frå 1969 av det engelske rockebandet Spooky Tooth. Songen vart spelt av heavy metal-bandet Judas Priest i 1978.
I 1990 fekk Judas Priest-versjonen mykje negativ omtale då bandet måtte i retten for skuldingar om å ha plassert undermedvitne meldingar i songen som fekk to ungdomar i USA til å ta livet av seg i 1985. Saka vart til slutt avvist.
Medverkande Luther Grosvenor — gitar Mike Harrison — klaverinstrument, vokal Mike Kellie — trommer Greg Ridley — bass, gitar Gary Wright — klaverinstrument, vokal
Judas Priest-versjonen
Judas Priest si utgåve av «Better by You, Better than Me» er kjappare enn Spooky Tooth-versjonen og har eit i tillegg eit ekstra vokalt mellomspel. Songen vart lagt til på albumet i siste augneblink då CBS Records insisterte på at dei måtte ha med ein meir kommersiell song for å live opp albumet som stort sett var mørkt. Det vart spelt inn med James Guthrie som produsent, då Dennis MacKay var oppteken med andre prosjekt. Bandet vart så imponert over produksjonsarbeidet til Guthrie at dei bad han om å produsere det neste albumet deira, Killing Machine.
Medverkande Rob Halford – solovokal K.K. Downing – gitar Glenn Tipton – gitar, korvokal Ian Hill – bassgitar Les Binks – trommer
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Better by You, Better than Me» frå , den 14. september 2016.
Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:Songar skrivne av Gary Wright Kategori:Songar produserte av Jimmy Miller Kategori:CBS Records-singlar Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Hardrock-songar