mini|Ringsaker prestegard mini|Forpaktarbustad Ringsaker prestegard ligg like sørvest for Ringsaker kyrkje i Ringsaker kommune i Innlandet.
Både prestegarden og kyrkja har røter attende til mellomalderen. Hovudbygningen er eit laftebygg i to etasjar med ståande panel. Bygningen vart oppført for sokneprest Christopher Anker i 1747–48 etter at den førre bygningen brann i 1746. Han har kjellarrom frå mellomalderen og vart vesentleg endra omkring midten av 1800-talet. Forpaktarbustaden er eit laftebygg i to etasjar frå siste halvdel av 1700-talet. Begge bygningane er freda, og det finst òg driftsbygningar. Hageanlegget vert av Riksantikvaren datert til andre kvartal av 1800-talet.
Kjelder
Ringsaker prestebolig hos Opplysningsvesenets fond
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Ringsaker Kategori:Byggverk i Ringsaker Kategori:Gardar i Innlandet Kategori:Freda bygg i Innlandet