«Heading Out to the Highway» er ein song av det britiske heavy metal-bandet Judas Priest frå albumet Point of Entry frå 1981. Han vart gjeven ut som singel seinare det året.
Songen inneheld ein dobbel gitarsolo mellom K.K. Downing og Glenn Tipton.
Songen vart plassert på lista til VH-1 over dei 40 beste køyresongane.
Andre versjonar Konsertopptak av «Heading Out to the Highway» finst på konsertalbuma Priest...Live! og Live in London.
Songen er spelbar i musikkvideospelet Rock Revolution.
Songen er òg blitt spelt av White Wizzard på den avgrensa utgåva av Over the Top. Songen vart spelt av det alternative metal-bandet Stone Sour på EP-en Meanwhile in Burbank... i 2015.
Mottaking I USA nådde singelen tiandeplassen på Billboard Top Tracks-lista.
Medverkande Rob Halford – vokal K.K. Downing – gitar Glenn Tipton – gitar Ian Hill - bassgitar Dave Holland – trommer
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Heading Out to the Highway» frå , den 19. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1981 Kategori:Singlar frå 1981 Kategori:Judas Priest-songar Kategori:Songar skrivne av Rob Halford Kategori:Songar skrivne av Glenn Tipton Kategori:Songar skrivne av K.K. Downing Kategori:Musikkvideoar regisserte av Julien Temple Kategori:Columbia Records-singlar