Nostradamus er det sekstande studioalbumet til det engelske heavy metal-bandet Judas Priest, og fokuserer på forfattaren Nostradamus frå 1500-talet.«Judas Priest Confirmed For Denmark's Roskilde Festival», blabbermouth.net, 10 March 2008. Det er eit dobbeltalbum og det første konseptalbumet deira med Rob Halford.«Judas Priest Meets Nostradamus On New CD», Greg Prato, Billboard, 12 April 2006. Det var opphavleg meint å kome ut seint i 2006 men kom til slutt ut i juni 2008 på Epic Records. Det er det siste albumet med K.K. Downing, før han trekte seg attende i april 2011.

Judas Priest turnerte me Motörhead, Heaven & Hell og Testament på Metal Masters Tour for å marknadsføre Nostradamus. Bandet heldt òg ein verdsturné i 2008 og 2009.

Utvkling Ideen om konseptet om Nostradamus kom frå manageren Bill Curbishleyhttp://www.mtv.com/news/1535473/judas-priests-nostradamus-concept-lp-a-heavy-metal-phantom-of-the-opera/ og vart føreslått for bandet medan dei turnerte i Estland i 2005. Gitaristen K.K. Downing avslørte i februar 2007at bandet hadde spelt in i alt 18 songar og at det ikkje var mykje han kunne tenke seg å ta bort. Musikalsk inneheld albumet symfoniske parti, mellom anna ved hjelp av klaverinstrument og kor, noko bandet ikkje hadde gjort før. I november 2007 byrja bandet å mikse albumet.

Utgjeving I november 2007 indikerte songaren Rob Halford at det ikkje var avgjort om et kom til å bli eit dobbeltalbum eller ikkje. I april 2008 vart det stadfesta at det kom til å bli eit dobbeltalbum.

«Nostradamus» selde 42 000 eksemplar i USA den første veka det kom ut og nådde 11. plassen på Billboard 200. Dette var den høgaste plasseringa bandet hadde klart til då i USA før dette vart forbigått av Redeemer of Souls i 2014, som nådde sjetteplassen. I følgje Billboard.com vart albumet gjeve ut i Europa den 16. juni 2008 og 17. juni i USA. Det fanst tre versjonar av Nostradamus. Den mest vanlege er ein vanleg dobbel-CD, men det finst òg ein «CD deluxe hardbound version», med eit 48 sider langt hefte, medan ein «super deluxe version» innneheld tre vinylplater i tillegg til CD-utgåva og ein plakat.

Tittelsporet kom ut 12. april 2008 som gratis nedlasting på nettsida til Judas Priest. Den andre singelen, «Visions», kom ut 4. mai 2008.

Tittelsporet vart nominert til Grammyprisen for beste metal-song. Songen «Visions» vart òg nominert i klassen beste hardrocksong.

Bandet hadde ønske om å spele heile albumet frå start til slutt som ein del av ein teaterproduksjon, men ideen vart skrinlagt, kanskje fordi fansen var lunkne til albumet.

Mottaking Sputnik Music sa om Nostradamus at bandet «har kasta bort både speed metal og hardrock til fordel for ein meir symfonisk metal-stil» og albumet «la større vekt» på synthesizerar, men ikkje på ein dårleg måte som på Turbo frå 1986. Kritikaren meinte det var «smerteleg tydeleg» at bandet kjempa med ein uvanleg stil for dei. Allmusic sa at albumet representerte «episk metal» av slaget som Iron Maiden hadde laga med Seventh Son of a Seventh Son i 1988. Ein meinte albumet hadde Spinal Tap-aktige klisjear som «melodramatiske talte mellomspel». «Utdaterte» synthesizer-strykarar forsterka kjensla om at bandet prøvde å finne nok musikk til å fylle eit heilt dobbeltalbum, der det burde ha vore trimma ned til eit enkelt album.

Innhald

Medverkande Henta frå plateomslaget: Judas Priest Rob Halford – vokal K.K. Downing – gitar, synthesizergitarar Glenn Tipton – gitar, synthesizergitar Ian Hill – bass Scott Travis – trommer

Andre musikarar Don Airey – klaverinstrument Pete Whitfield – strykararProduksjon Produsert av Glenn Tipton & K.K. Downing Lydteknikar: Richard Wood Miksa av Attie Bauw med Glenn Tipton & K.K. Downing Mastra av Attie Bauw og Darius Van Helfteren Plateomslag av Mark Wilkinson

Lister Lister (2008) Plassering Canadian Albums Chart 9

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Nostradamus (album)» frå , den 21. september 2016.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Musikkalbum frå 2008 Kategori:Judas Priest-album Kategori:Konseptalbum Kategori:Rockeoperaer Kategori:Epic Records-album