Jimmy Preston () var ein USA-amerikansk R&B-bandleiar, altsaksofonist, trommeslagar og songar som viktige bidrag til tidleg rock and roll.
Den førte R&B-hitten til Presteon som nådde topp 10 på R&B-lista i USA, var «Hucklebuck Daddy» i 1949, spelt inn for Gotham Records i Philadelphia. Han vart mest kjend som Jimmy Preston and His Prestonians då han spelte inn originalversjonen av «Rock the Joint» for Gotham i 1949. Saksofonsoloane i «Rock the Joint» vart spelte av tenorsaksofonisten Danny Turner (1920-1995). «Rock the Joint» vart spelt inn på ny av Jimmy Cavallo i 1951, og Bill Haley and the Saddlemen i 1952.
I 1950 byrja tenorsakfonisten Benny Golson og pianisten Billy Gaines i bandet og dei spelte inn songar som «Early Morning Blues» og «Hayride». Preston gjekk over til Derby Records og spelte inn den siste R&B-hitten sin med ein versjon av Louis Prima sin «Oh Babe». Han slutta i musikkindustrien i 1952, utan å forstå at han sidan skulle bli rekna som ein av fedrene for rock and roll.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Jimmy Preston» frå , den 24. september 2016. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Afroamerikanske songarar Kategori:USA-amerikanske songar Kategori:USA-amerikanske saksofonistar Kategori:Musikarar frå Philadelphia Kategori:Rhythm and blues-saksofonistar