I 2002 blei det ikkje arrangert nokon norsk finale i Melodi Grand Prix. Årsaka var Noregs dårlege plassering i Eurovision Song Contest 2001, som gjorde at Noreg ikkje kvalifiserte seg til den europeiske tevlinga i 2002.

Sidan debuten i 1960 var dette tredje gong det ikkje blei halden ein norsk finale i Melodi Grand Prix. Første gong var i 1970, då Noreg boikotta tevlinga i protest mot dei dåverande reglane til tevlinga. Andre gong var i 1991, då finalen blei avlyst sidan NRK meinte at ingen av dei 140 innsendte bidraga heldt mål. I staden handplukka NRK gruppa Just 4 Fun og låten «Mrs. Thompson».

Kategori:Melodi Grand Prix Kategori:Hendingar i 2002 Kategori:2002 i Noreg