«Peace in the Valley» er ein song frå 1937 av Thomas A. Dorsey, opphavleg for Mahalia Jackson. Songen vart ein hit i 1951 for Red Foley and the Sunshine Boys og nådde sjuandeplassen på Country & Western Best Seller-lista. Han var av dei første gospelinnspelingane som selde ein million eksemplar. Foley-versjonen vart i 2006 innlemma av Library of Congress i National Recording Registry, den amerikanske, nasjonale platesamlinga.The National Recording Registry 2006

I 1950 vart han ein av dei første songane som vart spelt inn av ein ung Sam Cooke i tida hans som frontsongar i The Soul Stirrers.

Etter suksessen til Red Foley, spelte Jo Stafford inn songen i 1954 for gospelalbumet Garden of Prayer. Etter Elvis Presley (med The Jordanaires) spelte inn songen på det første julealbumet sitt i 1957, vart songen for alltid ein countrypop-favoritt. Sidan den gongen er songen blitt spelt inn av Little Richard i 1961 på det Quincy Jones-produserte gospelalbumet It's Real, Connie Francis i 1961 på albumet Sing Along with Connie Francis; George Jones i 1962 på albumet Homecoming in Heaven; Johnny Cash på At San Quentin; Loretta Lynn; Dolly Parton; Screaming Trees, som B-sida til «Dollar Bill»; Ronnie Milsap; Art Greenhaw med The Jordanaires, Tom Brumley og Light Crust Doughboys.archives, 2001-period Grammy Nominees, National Academy of Recording Arts & Sciences records and www.grammy.com

«Peace in the Valley» vart sungen av Eddie Clendening, i rolla som Elvis Presley, i Broadway-musikalen Million Dollar Quartet, som opna i New York i april 2010.Zielinski, Peter James. «Photo Coverage: Million Dollar Quartet Opens on Broadway». Posted: 12:04 PM; Monday, 12. april 2010.

Trond Granlund har laga ein norsk versjon som heiter «Fred i sjela», og som gruppa Bjelleklang hadde på Norsktoppen ein periode.

Innspelingar

Flying Clouds of Detroit - 1947 The Jordanaires - 1950 The Soul Stirrers - 1951 Red Foley med The Sunshine Boys Quartet - 1951 De Paur's Infantry Chorus - 1952 Roy Rogers - 1952 Del Gillman and The Bar-X Boys - 1952 Renee Martz - 1956 Tennessee Ernie Ford - 1957 Elvis Presley med The Jordanaires - 1957 Pat Boone - 1957 Bonnie Guitar - 1958 Wink Martindale - 1959 Connie Francis - 1959 Mac Wiseman - 1961 Roy Rogers og Dale Evans - 1962 Johnny Cash og The Carter Family - 1962 Ruth Brown - 1962 George Jones - 1962 Jimmie Rodgers - 1963 Duane Eddy - 1963 Jo Stafford og Gordon MacRae - 1963

Loretta Lynn - 1965 Dorothy Love Coates og The Gospel Harmonettes - 1967 Ferlin Husky - 1968 Gene Viale - 1968 The Blackwood Brothers Quartet - 1968 Kenny Price - 1971 Bill Anderson & Jan Howard - 1972 Jimmy Swaggart and His Golden Gospel Piano - 1972 Lena Martell - 1974 Billy Joe Burnette - 1977 Boxcar Willie - 1980 Orion - 1980 Cristy Lane -1981 Johnny Cash - Jerry Lee Lewis - Carl Perkins - 1982 B.J. Thomas - 1982 Jim Reeves - 1986 Elvis Jr. - 1986 Elvis Presley med Jerry Lee Lewis og Carl Perkins - 1990 Johnny Earl med The Jordanaires - 1991 Marley's Ghost - 1992 Rick Saucedo - 1998

Anne Murray - 1999 Ronnie Mason - 2001 Take 6 - 21, 2002 The Charlie Daniels Band - 2002 Randy Travis - 2003 Ricky Norton - 2003 Dolly Parton - 2003 Preslisa - 2004 Barb Jungr - 2005 Jimmie Dale Gilmore - 2005 John Beardsley - 2005 Joey Figgiani & The Jordanaires - 2005 Robert Gordon og Chris Spedding med The Jordanaires - 2007 Mark Keeley - 2007 Reid Jamieson - 2007 Priscilla - 2007 Tony Witt - 2008 Ronnie Milsap - 2009 Henrik Åberg - Jack Baymoore - 2011 Aron & Cool Company - 2013

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Peace in the Valley» frå , den 4. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff «Peace in the Valley» på allmusic «Peace in the Valley» på CBN

Kategori:Songar frå 1937 Kategori:Julesongar Kategori:Gospelsongar Kategori:Mahalia Jackson-songar Kategori:Red Foley-songar Kategori:Johnny Cash-songar Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Jo Stafford-songar Kategori:Songar skrivne av Thomas A. Dorsey Kategori:Tennessee Ernie Ford-songar Kategori:Pat Boone-songar Kategori:Connie Francis-songar Kategori:George Jones-songar Kategori:Jimmie Rodgers-songar Kategori:Duane Eddy-songar Kategori:Jo Stafford-songar Kategori:Loretta Lynn-songar Kategori:Jim Reeves-songar Kategori:Randy Travis-songar Kategori:Dolly Parton-songar Kategori:Ronnie Milsap-songar Kategori:Little Richard-songar