Khalifa by er eit bustadområde og ein forstad til byen Abu Dhabi i Dei sameinte arabiske emirata. Det er delt inn i tre område: Khalifa City A, Khalifa City B og New Khalifa City. Khalifa City A ligg langs hovudvegen til Dubai, kring 30 kilometer frå Abu Dhabi, og er nær Abu Dhabi internasjonale lufthamn. Khalifa City B ligg lenger inn i landet nær Bani Yas og Al Shawamikh. Den nye Khalifa by er planlagt mellom A og B. Heile Khalifa by er under utvikling og vil bli eit nytt bysenter i Abu Dhabi.

Etihad Airways har hovudkontoret sitt i Khalifa City A."Our offices." Etihad Airways. Henta 11. februar 2010.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Khalifa by» frå , den 8. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Busetnader i emiratet Abu Dhabi