Korsvikaspillet Håkon og Kark er eit historisk spel som blir framført kvart andre år i Korsvika på Lade i Trondheim. Det første Korsvikaspillet var eit poetisk tablå som vart laga til 800-årsjubileet til Lade kyrkje i 1989 og tatt opp att to år seinare. I 1995 skreiv Idar Lind nytt manus. Dette blir i 2010 framført for niande gong. Musikken er komponert av Frode Fjellheim.
Stykket byggjer på historia om Håkon Ladejarl og trælen Tormod Kark, slik ho blir framstilt av Snorre Sturlason. I tillegg til historiske personar som Tora på Rimol, Olav Tryggvason og skalden Einar Skåleglam, presenterer stykket òg oppdikta personar.
Bakgrunnsstoff korsvika.no Nettside
Kategori:Historiske spel Kategori:Norske sogespel Kategori:Kultur i Trondheim Kategori:Skodespel frå 1900-talet