«I Got Stung» er ein kjapp rock and roll-song skriven av Aaron Schroeder og David Hill og framført av Elvis Presley, som spelte han inn og gav han ut i 1958. Songen vart gjeven ut som dobbel A-side med «One Night», og nådde toppen av salslista i Storbritannia. Dette vart den siste songen Presley spelte inn i 1950-åra, den 11. juni 1958, då han drog til Nashville før militærtenesta si.
Songen vart gjeven ut på ny i Storbritannia i 2005 og nådde då toppen av singellista der i lag med «One Night».
Andre versjonar
Songen er omsett til fleire andre språk: Ein tysk versjon kalla «Wunderbar, wie du Heut' wieder küßt» skriven av Joachim Relin og framført av Ted Herold i 1958. Ein fransk versjon kalla «J'suis mordu» skriven av Daniel White og framført av Johnny Hallyday i 1960. Ein dansk versjon kalla «Brutale løg» skriven av Bosse Hall Christensen, Paul Meyendorff, Michael Hardinger, Jens Tage Nielsen, Niels Grønbech og Michael Bundesen og framført av Shu-bi-dua i april 1974.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Got Stung» frå , den 19. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Nummer-ein-singlar i Storbritannia Kategori:Songar skrivne av Aaron Schroeder Kategori:Songar produserte av Stephen H. Sholes Kategori:Songar skrivne av David Hess Kategori:Songar frå 1958 Kategori:New Jordal Swingers-songar Kategori:Paul McCartney-songar