«Stuck on You» er den første hitsingelen til Elvis Presley han gav ut etter den to år lange militærtenesta si. Han spelte inn songen i mars 1960, og singelen vart gjeven ut i løpet av få veker og nådde toppen av Billboard Hot 100 seint i april 1960. Det var den første singeltoppen hans i 1960-åra og den trettande i alt. «Stuck on You» nådde sjetteplassen på R&B-lista. Songen slo Percy Faith sin «Theme from A Summer Place» frå toppen av lista. Singelen nådde tredjeplassen i Storbritannia. Songen vart skriven av Aaron Schroeder og J. Leslie McFarland og publisert av Gladys Music, songforlaget til Elvis Presley.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Stuck on You (Elvis Presley song)» frå , den 20. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Singlar frå 1960 Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Songar på toppen av Billboard-lista Kategori:Songar skrivne av Aaron Schroeder Kategori:Songar frå 1960