Bjarne Daniel Solli () var ein norsk gardbrukar og politikar frå Lenvik som representerte Arbeidarpartiet i Troms på Stortinget i to valperiodar frå 1954 til 1961.

Solli arbeidde i unge år på gard, bortsett frå skuleåret 1925/26, då han gjekk på folkehøgskule. Frå 1940 dreiv han farsgarden i Lenvik, noko han gjorde til 1976. I perioden 1939-44 var han likningssekretær i Lenvik. Mange år seinare var han 1966-68 rådmannsfullmektig i kommunen og 1969-77 sosialsjef.

På fritida var han formann i arbeidarungdomslaget "Nordstjerna" i fleire periodar, i Lenvik Bonde- og småbrukerlag 1937-40 og i Lenvik Arbeiderparti 1946-48.

Solli var medlem av kommunestyret i Lenvik frå 1946 til 1955, ordførar frå 1946 til 1953. Frå 1954 til 1961 var han stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. I den fyrste fireårsperioden var han medlem av Militærkomiteen og i den andre var han i Sosialkomiteen til 5. mai 1960, då han gjekk over i Sjøfarts- og fiskerikomiteen.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Stortingsrepresentantar for Troms Kategori:Stortingsrepresentantar frå Ap Kategori:Stortingsrepresentantar 1954-1957 Kategori:Stortingsrepresentantar 1958-1961 Kategori:Ordførarar i Lenvik Kategori:Ap-ordførarar i Troms Kategori:Folk frå Lenvik