«I Gotta Know» er ein song spelt inn av Cliff Richard i september 1959 og Elvis Presley den 4. april 1960. Paul Evans skreiv musikken, medan Matt Williams skreiv teksten. Songen vart spelt inn av Elvis Presley som B-sida til «Are You Lonesome Tonight?», men nådde likevel 14. plassen på listene. Lydteknikaren på innspelinga til Presley var Nashville sound-pioneren Bill Porter. Singelen med «I Gotta Know» som B-side vart ein av dei mestseljande singlane i 1960 og låg seks veker på toppen av Billboard og nådde tredjeplassen på R&B-lista.
«I Gotta Know» er ein kjærleikssong i G-dur som er skildra som ein «mild rockelåt». Songen går i ein doo-wop-rytem og bluesstil, med akkordar frå G til C til D7.
Versjonar 1959: Cliff Richard og The Shadows 1960: Elvis Presley med The Jordanaires 1962: Bobby Vee and The Crickets 1975: Rupert 1978: Øivind «King Kong» Johannesen 1978: Freddie Starr 1998: Face to Face 2003: Terry Buchwald 2007: Terry Mike Jeffrey 2010: Svenne Hedlund 2011: Kevin Löhr 2011: Johnny Earl and Jive Street
Ein franskspråkleg versjon kalla «Je t'aime trop» vart omsett av Jacques Dambrois og Eddy Mitchell. Denne vart framørt av Les Chaussettes Noires i mars 1961.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «I Gotta Know» frå , den 31. oktober 2016. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Paul Evans om å skrive for Elvis
Kategori:Elvis Presley-songar Kategori:Cliff Richard-songar Kategori:Songar frå 1959 Kategori:Doo-wop-songar Kategori:Songar skrivne av Paul Evans