Eric Joseph Flaim () er ein USA-amerikansk skeiseløpar frå Pembroke i Massachusetts som vart verdsmeister i firkamp i Alma-Ata i 1988.
I løpet av ein månad vinteren 1988 tok Flaim medalje i olympiske leikar, og i verdsmeisterskapaen i firkamp og i sprint. Det tok til fyrste helga i februar med bronseplass i sprint-VM i West Allis i delstaten Wisconsin i USA. To veker seinare gjekk han inn til sølvmedalje på 1 500 meter under Vinter-OL 1988 i Calgary, bak austtyske André Hoffmann. Fjorten dagar etter overraska Flaim stort og kunne stige øvst på sigerspallen då VM i firkamp på Medeo-bana i Alma-Ata var over.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Eric Flaim» frå , den 1. november 2016.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skeiseløparar frå USA Kategori:Kortbaneløparar frå USA Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for USA Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar i kortbaneløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1988 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1988 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1988 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1992 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1992 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1994 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1994 Kategori:Kortbaneløparar på skeiser under vinter-OL 1994 Kategori:USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 1998 Kategori:Kortbaneløparar på skeiser under vinter-OL 1998