Mons Ivar Mjelde () er ein norsk fotballtrenar og tidlegare spelar frå Haus på Osterøy. Han er no trenar i eliteserieklubben IK Start.

Karriere Mons Ivar «mål-Mons» Mjelde var ein rutinert spiss og dyktig med hovudspel. Han var to sesongar i Austerrike og returnerte heim til Brann og Osterøy sumaren 1996. Han var på utlån til Sogndal i 2001. Han spela 160 kamper for Brann (128 serie) og laga 72 mål (55 serie). I sesongen han kom heim frå Austerrike (1996) laga han 19 mål på 15 kamper i serien.

Som spelar har Mjelde har 3 A-landskampar kor han laga 2 mål. Han fekk Kniksen-prisen i 1996 som «Beste Angripar», seriesølv i 1997 og 2000, seriebronse i 1999, cupsølv i 1999, og kom til kvartfinale i Cupvinnarcupen i 1996/97.

Han slutta som spelar i august 2001 og tok over jobben som trenar for Branns reservelag. Då Teitur Thordarson slutta som hovudtrenar i Brann i desember 2002 overtok Mjelde jobben som hovudtrenar. Som trenar har han leia Brann til cupgull i 2004 og seriegull i 2007 og er såleis ein av dei mest suksessrike Brann-trenarane i historia. Han var hovudtrenar for Sportsklubben Brann 2003 til 2008.

Mons Ivar Mjelde annonserte 7. oktober 2008 han kom til å trekke seg som hovudtrenar for Brann etter sesongen var over.

Tida etter Brann

1. juni 2009 blei Mons Ivar Mjelde presentert som ny Bryne-trenar. Adeccoligaklubben, som låg på nedrykksplass vart sikra plass i ligaen for neste sesong under leiarskapen til Mjelde. Mjelde trente klubben resten av året.

Mjelde trente også Osterøyklubben Valestrandfossen Hjellvik Fotball ein periode i 2009. Frå 12. juli 2011 tok han over som hovudtrenar i IK Start.

Karriere som spelar Hausvik Moster Brann Bryne FK Lillestrøm Austria Wien Sogndal.

Karriere som trenar KlubbStillingPeriodePrestasjonar Sportsklubben Branntrenar reservelag2001-2003 Sportsklubben Brannhovudtrenar2003-2008Noregsmeistar 2004 Gull i Tippeligaen 2007 Sølv i Tippeligaen 2006 Bronse i Tippeligaen 2004 Hausvik FKHovudtrenar2009http://www.ba.no/sport/fotball/article4165622.ece Bryne FKHovudtrenar2009 Valestrandfossen Hjellvik FotballHovudtrenar2009 IK StartHovudtrenar2011-

Kjelder SK Brann.org Mons Ivar Mjelde på bokmålswikipediaen

Bakgrunnsstoff

kategori:norske fotballtrenarar kategori:norske fotballspelarar Kategori:Norske landslagsspelarar i fotball Kategori:Toppskårarar i eliteserien i fotball Kategori:Norske fotballspelarar i Austerrike Kategori:Brann-spelarar Kategori:Bryne-spelarar Kategori:Lillestrøm-spelarar Kategori:Austria Wien-spelarar Kategori:Sogndal-spelarar Kategori:Fotballtrenarar for Brann Kategori:Fotballtrenarar for Bryne FK Kategori:Fotballtrenarar for IK Start Kategori:Vinnarar av Kniksenprisen Mjelde, Mons