Oleg Felevitsj Bozjev () er ein tidlegare skeiseløpar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Han vart verdsmeister i firkamp 1984, og kom på andreplass i åra 1985-87.

Bozjev slo gjennom i 1984-sesongen. Under Vinter-OL 1984 i Sarajevo sikra han seg bronsemedaljen på 1500 meter, før han så overraska ved å gå heilt til topps på sigerspallen ved VM 1984 i Göteborg. På tampen av OL-sesongen sette han verdsrekord på 1500 meter med tida 1.54,26, oppnådd på Medeo-bana ved Alma Ata.

I 1985 tok Bozjev tredjeplassen ved EM, før han kleiv opp på sølvplassen etter verdsmeisterskapen. Både då og året etter måtte han sjå seg frågått av nederlendaren Hein Vergeer. Også i 1987 enda Bozjev opp på trinn to då sigerpallen vart reist, einast landsmannen Nikolaj Guljajev gjorde eit betre meisterskap og vart kledd opp med ein laurbærkrans,

Bozjev vart sovjetmeister 1984, 1986 og 1987.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Oleg Bozjev» frå , den 14. november 2016.

Kategori:Sovjetiske skeiseløparar Kategori:Russiske skeiseløparar Kategori:Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1984 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1984 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1984 Kategori:Folk frå Moskva