Alv Gjestvang () var ein skeiseløpar frå Østre Toten. Han vann bronsemedaljen på 500 meter under Vinter-OL 1956 og ein sølvmedalje på same distansen under Vinter-OL 1964. Gjestvang var Noregs beste skeisesprintar i over ti år, og var norsk rekordhaldar på 500 m frå 1956 til 1968. Han var medlem av Skreia IL til 1959, deretter Hamar IL i 1960-sesongen og sidan Oslo IL i mange sesongar.
Gjestvang vart juniormeister i 1955. Under dei olympiske vinterleikane 1956 i Cortina d'Ampezzo overraska han med sterke 41,0 sekundar på 500 m og vann bronsen, einast storfavoritt Jevgenij Grisjin og Rafael Gratsj frå Sovjetunionen skreid fortare. Ved Vinter-OL 1960 i Squaw Valley enda han på sjetteplass på spesialdistansen.
Då Vinter-OL 1964 fann stad i Innsbruck var Gjestvang ein av tre løparar som fekk notert sluttida 40,6 sekundar, personleg rekord for hans del. Dei tre aktuelle løparane fekk kvar si sølvmedalje, slått med eit halvt sekund av Richard McDermott frå USA.
Gjestvang vann 500-meteren i skeise-NM seks gongar; 1956, 1959-60, 1963-65. Han sette norske rekordar med 42,0 i 1956, 41,9 i 1959, og 40,8 og 40,7 sekundar i 1963. Den siste rekorden stod i fem år, til dess Roar Grønvold og Johan Lind begge vart klokka inn til 40,6 sekundar under eit stemne på Bislett stadion i februar 1968.
Kjelder
Alt om skøyter 1968.
Kategori:Norske skeiseløparar Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1956 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1956 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1960 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1960 Kategori:Norske deltakarar under vinter-OL 1964 Kategori:Skeiseløparar under vinter-OL 1964 Kategori:Folk frå Østre Toten